– Det er berre tre innandørshallar som kan huse eit slikt meisterskap, slik krava har vorte. Og sidan Steinkjer hadde NM i år og Bærum skal vere arrangør i mars 2016 er det duka for oss i 2017, seier Arve Hatløy i Dimna IL.

Idrettslaget vil om kort tid sende sin søknad til friidrettsforbundet om å arrangere innandørs-NM for senior i februar/mars 2017.

Det er meir utfordrande enn eit senior-NM ettersom det var kring 1500 tilreisande, seier Arve Hatløy. Det inkluderer aktive, trenarar og foreldre.

– I eit senior-NM er det rundt 5–600 aktive og 200 lagleiarar og trenarar. Logistikken vert enklare, men vi veit at vi må planlegge godt og vere skjerpa for å arrangere eit godt meisterskap. Vi kjem til å sende ein delegasjon frå klubben til NM i Bærum, seier Arve Hatløy.

Følg smp.no sport på Facebook

Konge

– Heilt konge å få eit nytt noregsmeisterskap til Ulsteinvik, sjølv om det ikkje er heilt overraskande at vi får det, seier Warholm.

Som fekk nyheita om NM-søknaden av Sunnmørsposten.

– Eit nytt NM vert god reklame for klubben og eg håper det kjem minst like mykje folk i 2017 som NM i mars. Då var hallen full og det var skikkeleg trykk frå tribunen, seier Warholm.

Som kvitterte med fleire toppresultat, blant anna 21,06 på 200 meter, norsk juniorrekord innomhus.

Les fleire sportsnyheiter her