Gutane fødde i 2003 er det tredje laget i Hødd Handball som signerer avtale om å vere eit Mot-lag, ifølgje ei pressemeldig frå Ulstein kommune.

Gjennom programmet Mot i fritid er trenaren deira, Oline Botnen, skulert som såkalla «MOTivatør».

Den fire timar lange skuleringa har fokus på Mot sine kjerneverdiar: Mot til å bry seg, å leve og seie nei. Botnen har også fått nokre verktøy som ho kan bruke i jobben som trenar. Ho vart skulert for ei tid tilbake, men det er først no laget hennar er gamle nok til å vere eit Mot-lag.

– Verdiar eg synest er viktige

- Dette har eg gleda meg til. Mot står for verdiar eg synest er viktige. Særskild det at vi skal bry oss om kvarandre og ha mot for å stå for den vi er. Det at vi er ulike er bra, og noko vi skal respektere kvarandre for, seier Botnen.

Gjer som fleire enn 24.000 andre - lik smp.no på Facebook

Handballtrenaren jobbar for eit miljø der gutane gir kvarandre ros og støtte. Slik håpar ho å byggje eit godt lag der alle gutane får god sjølvtillit og har det kjekt.

- Vi håpar også at dette viser igjen i møte med andre lag, legg ho til.

I superfinale

Koordinator Marie Flatin i Ulstein «Lokalsamfunn med MOT» er ikkje i tvil om at Oline Botnen og hennar lag passar godt til oppgåva.

- I fjor vart Oline nominert av sine eigne gutar i kåringa «Årets trenarførebilete» der ho kom heilt til superfinale, og vart nummer to. Gutane på laget nominerte henne mellom anna fordi ho er god til å sjå kvar enkelt og inkludere alle i gruppa, fortel Mot-koordinatoren.

Ulike program

Mot er forankra gjennom skuleprogrammet ved Ulstein ungdomsskule, i tillegg til programmet «Ungdom med MOT» der 7. klassingane i kommunen får besøk.

Les fleire sportsnyheiter på smp.no

Mot jobbar for og saman med ungdom i alderen 12-25 år. Flatin håpar å få med enda fleire aktive medspelarar gjennom programmet «MOT i fritid».

– Dette er ikkje berre for idrettslag, men også for andre typar organisasjonar der ungdommar er med, avsluttar Flatin.