Volda Handball hadde store ambisjonar før inneverande sesong. Som nyopprykka lag i 1. divisjon for kvinner satsa dei tøft, og har ei rekke utlendingar i stallen. Men resultata har våre elendige – etter 12 spelte kampar står Volda framleis med null poeng.

Nokre veker før jul vart den heiltidstilsette trenaren Igor Terzic sjukmeldt, og det er han framleis. Og vil vere det ei tid framover.

- Det kan ikkje vi leve med, og i samråd med Igor vart det bestemt at han trekker seg som trenar for damelaget vårt. No overtek hans assistent Lars Johansen ansvaret ut sesongen, fortel leiaren i Volda Handball, Arild Bakke til smp.no

- Men Johansen bur og arbeider i Ålesund?

Delt løysing

- Det er rett, og vi er einige med han om at han skal kome inn til oss to til tre gonger i veka. Dei treningane der han ikkje er til stades vil spelarane Tina Gavranic og Aukse Vysniauskaite leie treningane. Men Lars skal leie laget i alle kampane våre, opplyser Bakke.

- Men kan dette redde kontrakta?

Urealistisk med ståplass

- Det er vel høgst tvilsamt, det er kun avdi Igor ser ut til å verte sjukmeldt ei god stund framover at vi gjer dette. Vi er realistar, og ser at håpet om å berge plassen neppe er særleg realistisk slik vi har spelt før jul. Det er tre lag som rykker ned, og lag nr. fire frå botnen, Viking, har ni poeng allereie. Eg trur vi må vinne sju-åtte av dei ti kampane vi har att for å berge plassen, og det skal mykje til at vi maktar det, seier Arild Bakke.

Fredrikstad søndag

Søndag skal Volda spele heime mot Fredrikstad i Voldahallen. Så skal Volda ha bortekampar mot Fjellhammer og Fana, ingen av desse tre laga  er botnlag.

- Taper vi søndagens kamp mot Fredrikstad er vi 95 prosent sikre på å gå ned. Og taper vi både den og Fana-kampen er nedrykket alt ein realitet, så realistiske må vi vere, seier leiaren.

- Var nivået i 1. divisjon eit sjokk for deg og spelarane?

- Ikkje eit sjokk, men eg er særs negativt overraska over at vi framleis står utan poeng. Vi trudde vi var godt skodd for eit høgare nivå,  og vi har satsa ambisiøst dei siste sesongane. Så det er ikkje til å legge skjul på at vi er enormt skuffa over det vi har fått til, seier han.

Slutt for utlendingane?

Og eit sannsynleg nedrykk trur Bakke vil få konsekvensar for den vidare satsinga i Volda Handball.

- Vi har satsa på ein del utlendingar for å få opp nivået i laget vårt, og vi har ikkje lukkast. Eg trur kanskje at satsinga på eigne talentar må ha høgste prioritet i åra som kjem, og vi må uansett sjå nærare på den politikken vi har førd med å hente utlendingar hit for å skape grobunn for ein topphandballkultur i bygda vår. Vi har ikkje lukkast, må Arild Bakke innsjå.