– Vi må nok innrømme at det var håp om nokre fleire topp-utøvarar til dette elitestemnet, men gode resultat trur eg vi likevel får, seier stemneleiar Arve Hatløy i Dimna IL.

Arrangørklubben kan sjølve framvise det største namnet under stemnet; 19-åringen Karsten Warholm.Sjølv om han har vore sjuk i fleire veker, trur Warholm sin trenar – og stemneleiar – Hatløy at ungguten kan lukte på norsk rekord.

– Karsten har fått trent godt på sprintøvingar, men det vert ikkje til at han spring lenger enn 200 meter laurdag. Og der har han jo 21,05 frå ungdomsmeisterskapen i Ulsteinhallen som bestetid. I lengdesprang er den norske innandørsrekorden på 761 cm. Det er to utøvarar; Einar Sagli i 1985 og Thomas Melin Olsen i 2002 som har prestert denne lengda. Karsten har hoppa 766 utandørs, ved to høve, og det blir spanande å sjå kva han kan prestere laurdag, seier Hatløy.

På friidrettsgallaen i regi av Norges Friidrettsforbund sist helg vart Warholm tildelt prisen for framifrå resultat og internasjonal innsats. Med diplomet følgde eit treningsstipend på 10.000 kroner frå Friidrettens Venner. Utanom Warholm på 200 meter og i lengde trur Arve Hatløy at det kan bli ein attraktiv 60 m hekk for damer.

– Der stiller både vår eigen Renate Grimstad opp saman med Kjersti Strømmen Kjerpeset frå Florø. Dei vil begge kunne kjempe om ein plass på det norske laget som skal ut i nordisk landskamp i Sverige, seier Arve Hatløy.

Landskampen vert avvikla om to veker og Karsten Warholm er sjølvskriven. Han spring truleg 400 meter i den landskampen, som han gjorde for eit år sidan då han like godt vann distansen. Og så vert det ein stafettetappe på Dimna-guten.

NM neste år

I helga vart det også formelt klart at Dimna IL skal arrangere innandørsmeisterskapen i 2017, eit nyhende som Sunnmørsposten fortalde i desember.

– Sidan vi har arrangert ungdomsmeisterskapen innandørs i fjor der alt gjekk på skjener, føler vi oss trygge på at vi skal greie denne oppgåva fint, seier Arve Hatløy.

Han reknar med mellom 4–500 deltakarar til NM som vert arrangert om drygt eit år.

– Vi har ikkje fått den eksakte datoen, men vil legge den ut straks hovedterminlista nasjonalt og internasjonalt ligg føre. Rundt påsketider vil vi opprette ei heimeside som har adressa nmdimna.no, fortel Arve Hatløy.Han og 200 andre funksjonærar fekk dei beste skottsmål for U-NM som gjekk føre seg i februar 2015.– Det vert nokon færre å innkvartere neste år, truleg rundt 1.000 personar. Og då vil vi truleg legge alle på hotell som ligg landfast i høve til Ulsteinvik. I fjor måtte nokre av våre gjestar til Ålesund for å få hotellrom, seier Hatløy.

– Kvifor tek de på dykk nok eit stort løft ved å arrangere NM?

– Fordi vi føler oss forplikta til det med den flotte hallen vi disponerer. Det er berre i Steinkjer, Bærum og Ulsteinvik ein kan arrangere eit innandørs meisterskap med seks baner. Stangehallen ved Hamar har vore nytta tidlegare, men den er noko utdatert, seier Arve Hatløy.

Under eit NM vert tilskodarkapasiteten utvida til rundt 1.500. Ungdoms-NM i fjor vart ein suksess i så høve.

– Vi hadde så mykje publikum at enkelte ikkje fekk plass. For oss ligg det også god økonomi å ha eit NM av den storleiken vi trur det blir i 2017. For vi har allereie kjøpt inn det meste av utstyret og reknar med eit bra overskot neste år, seier Arve Hatløy.