Blåfelden rett opp vart arrangert for 8. gang, laurdag. I det flotte juniveret var det rekorddeltaking med 73 startande i konkurranseklassen, men til tross for gode løpsforhold med tørt underlag og kjølande vind, vart det ikkje løyperekordar denne gongen.

For første gang fekk arrangørklubb Syvde IL ein totalvinnar med Guri Wangensteen 52,06.1, framfor Hege Ringdal 52,28,8 og Tonje Brande 53,54.3. Størst kjendisfaktor hadde tidlegare skiskyttar Ann Kristin Flatland som kom i mål som nummer ni av dei 15 startande i kvinneklassen.

Av dei 58 startande i klassen for menn vann Sigve Høydahl frå Bærums Verk IF på 40,39.4, føre Bjørn Ole Vassbotn frå Volda T&IL med 42,05.1 og Dag-Henry Nilsen frå Varegg med 43,00.2.

I trimklassen deltok godt over 200 trimmarar.