Då er det bra at hans eigen familie har teke grep.

Vinnaren, Vegard Øie frå Løten, var kring kvarteret bak rekordtida. Men rekordhaldaren skal ikkje kjenne seg trygg likevel. Vi kika på Nibbeløpet Mini, der det formeleg aula av onkelborn av Hans Martin.

12-åringen, Iver Gjedrem Lund, vart nest best, berre slegen av langt eldre Kornelius Linge Glomnes frå Valldal.

– Det hadde vore kjekt å bli like god som Hans Martin, seier Iver som bur i Verdal og er aktiv i fotball, langrenn, skiskyting, orientering og løp. Han hadde òg med tvillingbroren Olav og broren Torstein i løpet.

Fire blad Fuglem

Men det stoppa ikkje der. Hans Martin si syster i Verdal er Mona Elisabeth, mønstra altså tre deltakarar i løpet. Systera Tina, gift med Jan Ole Fuglem, brende til med fire aktive, i alderen fire til elleve år. Alle lettføtte.

Men vi vart kanskje mest blenda av måten fireåringen Sigve Fuglem tok seg frå fjordkanten til Flydalsjuvet denne vakre junidagen. Han er ung, la gå med det, men her er sterke løps-genar i sirkulasjon

Fireåringen Sigve fekk STOOR gratulasjonsklem av mamma Tina etter fullført løp på drygt fire kilometer med fleire hundre høgdemeter stigning. Foto: Atle Hole

Ja, det var ikkje rart at bestefar Harald Gjedrem humra nøgd:

– Vi kunne hatt med fleire. Når vi kjem til august, vert Anne Grethe og eg besteforeldre til 14. Eine son til Hans Martin, Henrik, er forresten her. Men han er i minste laget enno, berre to år.

Så godtfolk, vi treng ikkje ottast! 1.28.57 skal få køyrt seg – om nokre år!

Meir i papiravisa på måndag.