Det seier Jonas Velsvik frå Skodje Trialklubb som har vore på leir kvar sommar i ei årrekke. Tradisjonen tro finn leiren stad på det flotte anlegget på Håhjem annakvart år.

– Det er utruleg gøy når so mange med same interesse samlar seg og køyrer i lag. Vi held på i mange timar kvar dag og får alltid utfordra oss. Vi er også heldige å ha med oss flinke trenarar og deler oss inn etter nivå slik at alle får utbytte av leiren, fortel Velsvik som er blant dei mest erfarne i Skodje Trialklubb.

Han har heldt på sidan han var ni år (er no 21) og har utmerka seg i ei rekke konkurransar. I haust ventar fleire på ham, blant anna eit lag-NM der Skodje skal stille med to eller tre lag.

– Det som er så bra med trial er at ein aldri går lei. Ein må bruke hovudet og planlegge godt. Utfordringane står alltid i kø, seier han før han køyrer vidare og hoppar frå stein til stein. Ganske utruleg.

75 frå heile landet

Sommarleiren på Skodje er kjend over heile landet, og deltakarane i år kjem frå Bodø i nord til Arendal i sør. Arrangørklubben har med heile 30 stykkar.

– Vi har utøvarar frå ni ulike klubbar. Dei yngste er heilt ned i 5-års alderen og dei eldste over 20. Målet med leiren er at å heve nivået på deltakarane, og med køyring frå 10–16 fire dagar blir det mykje mengdetrening. Samtidig er dette svært sosialt. Heile familiar kjem og bur enten i lag på Borg Folkehøgskule eller på campinga her på Håhjem, seier leirsjef Ove Alnes som har vore ei eldsjel i Skodje Trialklubb i mange år.

Blir tidleg krøka

Sunnmørsposten kjem på besøk midt i ei treningsøkt og det brummar godt i dei varierte løypene på Skodje. Dei yngste gir derimot ikkje frå seg mykje lyd, dei køyrer nemleg elektrisk.

– Sjå på min sykkel då, den er raud! seier Tiril Myren frå Valldal stolt og viser fram den vesle sykkelen sin.

Ho fortel at trialleir er noko av det kjekkast ho har vore med på.

– Då får eg køyre nesten heile dagen. Og så får vi lære og prøve så mykje nytt her, seier ho entusiastisk.