Under forsøksheatet på 400 meter fredag hadde Karsten Warholm frå Dimna best tid av alle. Han var derfor ein sterk gullfavoritt til finalen laurdag kveld.

Og 20-åringen innfridde, slik han plar gjere ved dei store høva.

Med ei knapp leiing på dei siste 100 meterane i finalen laurdag, rykkja han ifrå på oppløpet og klinka til med ein suveren spurt.

Teknisk kluss

På grunn av tekniske problem fekk ikkje arrangørane den offisielle tida. Den manuelle tida vart ståande på 45,8 – som var langt under Quincy Douglas’ beste rekord gjennom tidene i Norge på 46,11. Men på grunn av det var manuell tid, vert den ikkje tellande.

Ein kunne likevel konstatere med at Warholm sprang inn til ein overlegen siger på 400 m flatt – og tok sin andre gullmedalje ettersom han også sikra seg gullmedalje i 400 m hekk med tida 50,72 fredag kveld.

Sølv til Engeset

Også Toralv Opsal sprang 400 m flatt i duell med Warholm, men 18-åringen fekk ikkje den mest ideelle opplading til løpet.

Han avslutta nemleg stavkonkurransen under 10 minutt før starten på 400 m. Han kom derfor sist over målstreken med tida 54, 52.

I stav klarte Opsal akkurat ikkje å tangere sin personlege rekord på 4.70 m.

Kvelden for dei lokale utøvarane på Sunnmøre vart avslutta med 1500 m for kvinner, der Ørsta-jenta Kristine Eikrem Engeset deltok. Ho sikra seg sølv med tida 4,26,41 som var eitt sekund og 19/100 bak vinnaren Ida Fillingsnes.

Andre resultat:

* Henrik Overvåg hadde eit håp om å kjempe om ein finaleplass på 200 m, men det ville seg ikkje heilt og greidde ikkje å kvalifisere seg til semifinalen. Han sprang inn sist i forsøksheat nummer fire på tida 31,32. Han fullførte heller ikkje 100 m fredag.

* Onar Apelseth tok seg ikkje vidare frå forsøksheatet på 200 m, men fekk med seg nyttig NM-erfaring. Han sprang inn på tida 23,56 i same heat som Overvåg.

* Ådne Andersen klarte ikkje å ta seg vidare frå forsøksheatet  på 800 m. Han sprang inn til ein femteplass i det første heatet på tida 1,53,23.