Robin Shroot har blitt akkurat det Steinar Lein lenge har ønska: ein spiss ein kan vente seg mål av.

Rett før ein halvtime spelt sentra Øystein Vestvatn kort og kjapt til Eirik Ulland Andersen som sendte ballen på same vis til Robin Shroot. Måltjuven heldt seg så vidt innafor offsidelina til KBK-forsvaret. Han dempa ballen før han let den gå vidare slik han fekk han nemleg langs bakken.

1-0-leiing til Hødd mot tabelltoppen var eit faktum.

Kristiansund tok Hødd på alvor

Det var eigentleg Kristiansund som opna kvassast. Nordmøringane såg ikkje ut til å undervurdere Hødd, tvert i mot.  Etter kvarteret spelt fekk serieleiaren nettkjenning.  Etter å ha tenkt seg om eit par sekundar  annulerte dommaren målet grunna offside. Høddvoll pusta letta ut.

Torset var uredd

Bendik Dybdal Torset pådrog seg gult kort i det 55. minutt etter ei litt tøff takling.

Det var iallfall ikkje noko å seie på kampgløden hans.

Etter 70 minutt spelt blei han sklitakla på ganske risikabelt vis inne i straffefeltet, men lyktast med å treffe reint.

Urke var publikumsfavoritten

Jan Lennart Urke vann alle mulege sponsor- og publikumskåringar i løpet av kampen.

Kristiansund hadde ein av kampens største sjansar rundt det 25. minutt. Kalludra vendte seg, sto på farleg distanse og small til. Det påfølgande hjørnesparket vart snappa opp på bakre og denne gongen var det Rønningen sin tur til å skyte.

Urke redda

Så kom nok eit skot, på returen. Returskotet gjekk over mål. Tre store sjansar i ein smekk, men Urke heldt buret reint.

Jesper Tørnqvist fekk spele dei siste 120 sekunda av kampen.

Foto: Svein Olav Humberset
Foto: Svein Olav Humberset
Foto: Svein Olav Humberset
Foto: Svein Olav Humberset