– Eg angrar på at eg ikkje val firhjulstrekkaren, seier Trond Bjørke. Han skal springe hinderløp saman med kollegaane sine, men først må han jo få parkert bilen.

Det lange graset på enga – «parkeringsplassen» – er så sleip og vassdrukken at hjula på bilane spinn og sprutar gjørme. Hinderløp i Follestaddalen er ikkje for pingler.

– Trond var den einaste mannen som ikkje feiga ut, seier resten av gjengen.

Dei er Sula ambulanseteneste.

– Ikkje skriv Ålesund, nærmast ropar dei.

Dei påpeikar at ambulansefolka i Ålesund ikkje har stilt med lag, i motsetnad til dei sjølv.

På seg tar dei raude t-skjorter. Dei har startnummer i andleta.

– Luftambulansen får redde oss!

– Korleis har de førebudd dykk til dette?

–Vi har lada opp godt, på sofaen.

Det seier dei, trass i at dei alle seks ser temmeleg veltrente ut.

Ambulansefolka. Frå venstre: Camilla Holte, Line Longva, Kirsti Skuggen (med som venn), Pia Torsen, Silje Mari Barstad, Sara Aasen og Trond Bjørke.

Dei skal utan tvil få smake både sølevatn og krevjande hinder. Løypa er fire kilometer lang.  Høge stablar med høyballar, stokkar og steinar, sleipe motbakkar, klatrenetting og gjørmebad er blant ingrediensane, i ein lapskaus ein lett kan få både vatn og blodsmak i munnen av. Regnet høljar ned og gjer løypa maksimalt surklete.

– De er ambulansen. Kven skal redde dykk om de får trøbbel?

– Luftambulansen, dei får vere i beredskap.

Arrangør Arve Haugland let startskotet gå for den første pulja med deltakarar. Trond Bjørke og Kirsti Skuggen legg seg snart i tet. Det går over stokk og stein oppgjennom skogen. Dagens flottaste byks er det Trond som står for, i det han forserar eit gjerde ved hjelp av nokre pallar med rustne spiker i.

Lenger nede finn vi eit hinder som har rekt å blitt vidgjeten, berre i løpet hinderløpet sin to år korte historie. Det er i ein gjørmete kulp i den lokale bekken, med tverrliggande, dryppande stokkar, lagt ein halvmeter over søla.

– Skal vi over eller under? Det lurer mange av deltakaren på.  Sjølvsagt skal dei dit dei fryktar: ned i søledammen.

Elektriske støyt

Av alle dei frekke hindera som arrangørane Martin Hauge-Nilsen og Arve Haugland har pønska ut, er det eitt hinder som utmerkar seg: Ved første augekast, er det snakk om nok eit gjørmebad. Når ein kjem nære, ser ein at det er eit lite tillegg: straumnetting. Dersom hinderløpet hadde vore ein del av førstegongstenesta, ville dei vernepliktige ha ringt heim og skrytt av å ha gjennomført det.

Sara Aasen er ei av dei som verkeleg får det tøft, akkurat der. Om ein legg saman talet på gongar det knitrar, med gongane Sara roper «au!», får ein eit tosifra tal.

Plutseleg er heile ambulansegruppa i mål. Ei av dei har målt pulsen i løpet av hinderløpet. Makspuls på 190 og eit snitt på 130, seier sitt om ei tøff løype.

–Kva var det vanskelegaste hinderet i dag?

– Dørstokkmila, seier Trond.

Blir nytt løp

Arrangør Arve Haugland forklarar den finurlege løypa før start. Foto: TARJEI ENGESET OFSTAD

Medarrangør Arve Haugland stiller seg saman med ambulansegjengen, for å høyre korleis det står til.  Sjølv skal han seinare ta andreplassen i konkurranseklassen i sitt eiget løp, men det veit han ikkje ennå.

–Var det kjekt? Det var vel nokon som fekk litt mykje straum, seier han.

Gruppa må le litt. Den medisinske tilstanden til ambulansefolka ser ut til å vere godkjent, det same kan ein seie om humøret.

Arrangørane lover at ein tredje utgåva av «Over stokk og stein» vil gå av stabelen neste år.