Høddvoll vart tyst som ei grav då speakeren annonserte at Ull/Kisa hadde scora på straffe, og dermed trykka Hødd under seg på tabellen.  Ranheims Mads Reginiussen utlikna deretter, til enorm jubel frå publikum.

Moltu såg raudt

Så Hødd-kampen som nok  var marerittaktig for alle som er glade i Hødd. Særleg andre omgang var fæl:  Først trilla Markus Brænderø tunell på Jan-Lennart Urke.  2-0. Tjue minutt ut i omgangen , gjorde Steffen Moltu noko ein ikkje forventar frå rutinerte forsvarsspelarar: felte ein mann bakfrå som siste forsvarar. Dommaren var ikkje i tvil om at fargen på kortet skulle vere raud. Moltu sjølv var forbanna på dommaren. Like etterpå la Strømmen på til 3-0.

Strømmen gjorde som dei ville

Strømmen pressa hardast i opningsminutta, og skapte sjansar, særleg på hovudet. Det ga resultat etter berre tolv minutt: Ein flott slått corner frå Achrifi fann hovudet til kaptein Steinar Strømnes som sendte den i nota. Det vart brått stille på Høddvoll, nokre augneblink, får Blåsarane byrja å støtte opp laget med enda sterkare song enn før baklengsmålet. Så, Ved halvtimen spelt vart Torbjørn Kallevåg liggande nede etter ein tøff duell. Han var gitt den viktige rolla som fremste spiss i ein 4-4-1-1-formasjon. Lein såg særs bekymra ut frå sidelinja. Heldigvis for Hødd kom Kallevåg seg på beina att. Frå halvtimen spelt og ut skapte Hødd meir, særleg på Aasbak sin kant. Både Sereba og Shroot skaut, men Sereba utan nok kraft, Shroot utan nok presisjon.

Bortelaget gjorde  det dei ville dei siste minutta, herja med Hødd, og vann hundre prosent fortent. No lev spenninga vidare til siste hjarteslag , siste spark på ballen og siste runde.