- Du kan jo alltid gjere noko med baklengsmål. Men han (Singh) får vel ballen bak seg, og så tar han ein slags hælflikk som går rett i krysset. Mest sannsynleg kjem han aldri til å gjere dette igjen. Men vi brukar ikkje det som ei unnskyldning, seier Jesper Törnqvist til smp.no.

Sjansesløsing av Rahhaoui

Uflaks, udyktigheit eller ei blanding? Dei lærde får stridast. Men det er ingen tvil om at Hødd var det klart beste laget på Høddvoll laurdag ettermiddag.

Ser vi fekk frå sjansen bortelagets Petter Oskar Lennartsson fekk gratis av Steffen Moltu etter tre minutt, hadde Fram Larvik ingenting i første omgang. Hødd hadde god kontroll stort sett heile tida. Jesper Törnqvist hadde ein stor sjanse på hovudet i det tiande minuttet. Og den nye spissen Badr Rahhaoui burde i alle fall ha scora på ein av dei to store sjansane han fekk denne omgangen. I det 18. minuttet vart han spelte åleine mot Fram Larvik-keeper Nielsen, men avslutta svakt. Rett før kvilen avslutta Rahaoui ei kjempekonting ved å klinke ballen i stonga. Og i tillegg til desse tre feite sjansane noterte vi to halvsjansar ved høgrebacken Daniel Eid.

Bad om oransje ball

Tre minutt etter pause kunne og burde Bendik Rise ha sendt Hødd i leiinga, men avslutninga til ungguten gjekk like til side for mål. Kort tid etter sjansen gjekk verforholda og speleforholda frå verre til verst. Regn og hagl vart toppa av snø. Dommar Kent Gomo Hammer var tidleg på og spurde støtteapparatet etter raude fotballar, men det gjekk si tid før dei dukka opp. Og då dei først kom vart dei aldri nytta.

- Klart snøen gjorde det vanskeleg. Du ser ikkje skikkeleg og mistar overblikket. Det var jo ikkje like gale heile tida. Men klart vi var best då forholda var best i første omgang og starten av andre omgang, meiner Hødd-kaptein Törnqvist.

Frisk innbytar

I det 64. minutt tok Sindre Eid grep frå sidelinja. Mellom anna kom Sondre Beite frå Skodje inn på høgrevingen. Han leverte ein sterk søknad om meir speletid med fleire friske involveringar. Målet hans var faktisk langt frå det penaste han gjorde på bana denne kampen. Fram Larvik somla då dei skulle klarere vekk ballen etter eit hjørnespark. Hødd heldt trykket oppe. Jesper Törnqvist serverte ballen til Sondre Beite, som pirka han i mål.

- Eg kriga til meg ballen. Så heldt eg på å skyte faktisk. Men så såg eg at Beite var heilt åleine. Så eg sklei den til han. Og han sklei den igjen i mål, forklarer Törnqvist.

- Eg sklei fram og fekk ein ball på foten. Keeperen deira hadde allereie bestemt seg for kva side han skulle gå til. Så då gjekk han fint i mål. Artig å score, supplerer målscorar Beite.

- Sjeldan så mykje tillegg

På 1-0 måtte naturleg nok Fram Larvik ta større sjansar. Og i det 83. minutt var dei nær utlikning då Petter Oskar Lennartsson heada i stonga. Likevel var det ikkje rettvist ut frå spel og sjansar at Fram Larvik fekk 1-1 i det femte av seks tilleggsminutt.

- Det er utruleg at det vart så mykje tilleggstid. Men eg har fått ei forklaring frå dommaren. Og eg ser jo kva han seier. Han grunngir alle minutta han legg til. Mellom anna meiner han at eitt av våre byte tok eitt og eit halvt minutt. Eg kan ikkje seie imot det. Men det er veldig sjeldan ein ser at det blir lagt til seks minutt eller meir i ein fotballkamp utan at det har skjedd noko spesielt. Uansett om det er seks eller ti minutt tillegg skal vi klare å ro det i land, meiner Jesper Törnqvist.

- Ikkje effektive nok

Trenar Sindre Eid er langt på veg einig.

- Det er første gong i min lange fotballkarriere ein dommar har lagt til så mykje utan at det har skjedd noko spesielt. Det var vel knappast nok ein einaste skade. Det er heilt uforståeleg. Eg meiner dommaren bommar fullstendig der, vurderer Eid.

Som kalla dei to tapte poenga «heilt utgjort».

- Denne kampen skal vi vinne soleklart. Vi skaper sjanse på sjanse. Men vi er ikkje effektive nok, medan dei scora på sin einaste sjanse, seier Sindre Eid.

At Fram Larvik scora på sin einaste sjanse er nok ikkje heilt korrekt. Men at Hødd burde ha vunne er det ingen tvil om.

Og med to poeng på seks kampar må den første sigeren snart kome om Hødd skal henge med heilt i toppen.

Neste runde skal Hødd til Jæren for å møte Bryne.