- Det var veldig herleg å sjå den gå i mål. No er eg letta.

Det seier Sondre Beite til Sunnmørsposten.

Det var i det 89. minutt innbytaren sette all tvil til side då han kontrollert scora frå kort hald. Bendik Rise var nest sist på ballen. Men det var ein annan innbytar, Amani Mbedule, som regisserte den svært viktige 2-0-scoringa.

- Vi har mange gode kantspelarar i stallen. Både eg og Amani har tempo. Vi spring frå dei fleste både med og utan ball, smiler Sondre Beite.

Solid 1. omgang

Både Beite og Amani kom inn i det 68. minutt. Då hadde Hødd spelt merkeleg svakt i heile 2. omgang til då. Og det var det mange som stussa over. For 1. omgangen til Hødd er truleg den mest solide dei har spelt på heimebane denne sesongen. Spelet flaut bra offensivt. Torbjørn Kallevåg sette inn 1-0 i det 31. minutt etter eit vakkert forarbeid av Bendik Rise. Då burde Kallevåg allereie ha scora eitt til, på ein eigentleg endå større sjanse. Og Hødd hadde også store sjansar ved Rise og Didrik Sereba (x 3). Nardo skapte på si side éin sjanse før pause – på ei farleg heading ved Albert Berbatovci.

- 1. omgangen vår var solid. Eg talde 5-1 i sjansar til oss. Vi hadde kontrollen, oppsummerer Sindre Eid.

Tafatte og usikre

Ein skal hugse på at Nardo ikkje hadde gitt frå seg poeng i det heile tatt før denne kampen. Det set ikkje 1. omgangen i noko dårlegare lys. Men heilt frå starten av 2. omgangen av verka Hødd merkeleg tamme. Dei begynte å gjere enkle feil, var mindre aggressive i press og duellar - og slutta å skape store sjansar.

Sindre Eid var svært aktiv på sidelinja denne perioden. I det 62. minutt brølte han mellom anna «Jesper, no må vi begynne å slå lengre ballar!». Nardo hadde i det 52. minutt hatt ein stor sjanse ved Christoffer Engan, som Jan-Lennart Urke redda fint. Og rett etter denne kommentaren frå Eid var dei farleg frampå ved Martin Lundal. Headinga var heldigvis for Hødd ikkje presis nok.

- Vart kanskje feige

Så kom Mbudele og Beite innpå. Vi skal ikkje påstå at det snudde opp ned på alt. Men Nardo fekk i alle fall meir å stri med defensivt. Fleire gonger var innbytarane farleg frampå, men både tre og fire gonger vinka linjedommar Torgeir Halsen av for offside. (- Om alle var offside, dømte dommaren godt, sa Sondre Beite etter kampen.) Mbudele fekk ein god sjanse i det 78. minutt som ikkje tok godt nok vare på. Men det var gløymt då han like før slutt sette opp angrepet som Beite scora på.

- Vi skulle jakte 2-0 i andre omgang. Men vi vart både passive og lave frå start av, i staden for å kome oss opp i bana. Kanskje vart vi også litt feige. I alle tilfelle var vi unøyaktige. Sondre Beite var aktuell for å starte. Men vi fekk rett i at det vart ein kampbilete utover i andre omgang som passa han og Amani. Det opna seg opp på slutten. Og desse karane har ferdigheiter som kan avgjere kampar. Det gjorde dei i dag, sa ein godt nøgd Sindre Eid etter kampslutt.

Feirar med grilling

Den gode midtbanespelaren Torbjørn Kallevåg meiner Hødd må jobbe med mentaliteten for å unngå periodar som den dei hadde i første del av 2. omgang.

- Det verka som innstillinga vart at det viktigaste var å ikkje tape. Hugs vi har tatt leiinga i alle kampane i år sett vekk frå borte mot Bryne. No har det gått bra dei siste kampane. Men vi må sjå på kvifor vi ikkje klarer å halde oppe trykket når vi tek leiinga, seier Kallevåg til Sunnmørsposten.

Trass i sjølvkritikken sa han seg godt nøgd å setje inn 1-0. Spesielt sidan han bomma på ein stor sjanse like før.

- Kanskje eg fekk FOR god tid, humrar Kallevåg.

Som skal feire Hødds tredje strake siger med ei grilløkt laurdag kveld.