Det var ingen overrasking at topplaget i 2. divisjon vann 0-3 over Volda laurdag. Men Volda kjempa likevel tappert.

- Volda ytte god motstand og kunne med litt meir flyt fått med seg det eine poenget. I ein sjansefattig første omgong tek Molde leiinga med eit noko heldig mål. Ein lobb over keeper går i stolpen, ballen er på veg vekk frå mål, men treff ein forsvarar i foten, før den  triller i målet. På overtid aukar Molde til 2-0, fortel Knut Hagen som er assisterande trenar og keepertrenar i Volda fotball.

Sjansar til begge

Begge lag hadde store sjansar i andre omgong, nærast var Volda med mellom anna to skot i tverrliggaren. Men gode lag har marginane med seg og Molde auka til 3-0 ti minutt før slutt, midt i ei god periode for Volda.

Molde toppar no tabellen med fem strake sigrar, medan Volda framleis ventar på sine første poeng.