Det er ikkje første gongen i år Hødd spelar ein ganske bra 1. omgang, for så å falle saman etter pause. Men denne gongen vart Hødd hardare straffa enn tidlegare i år. For mot eit topplag som Nest-Sotra kan ein ikkje ta så lett på forsvarsspelet som Hødd gjorde i 2. omgang i dag.

- I dag var Nest-Sotra rett og slett eit betre lag enn oss. Vi fekk ein god start på kampen og leia 1-0. Kanskje kunne vi fått straffe etter ein hands-situasjon og gått opp i 2-0 også. Men denne kampen tapte vi heilt fortent. Forsvarsspelet i andre omgang er ikkje godt nok. Vi klarte ikkje å flytte føter og var slett ikkje aggressive nok. Sjølv ikkje etter at vi fekk 2-2 der og var på full fart tilbake i kampen, klarte vi å forsvare oss skikkeleg. Nei, dette var skuffande, sa Hødd-trenar Sindre Eid til Sunnmørsposten etter kampslutt.

Bang x 2 frå Dang

Han har nok heilt rett i si oppsummering. For etter pause kunne Nest-Sotra nesten spasere inn tre mål. Alexander Dang stod umarkert inne i boksen både på 1-1 og 1-2, som kom i løpet av fem minutt. 2-3-målet til Andreas Rødsand var rett nok eit kjempetreff i krysset. Men Nest Sotra-spelaren fekk då også fritt spelerom til å skyte, etter sløvt Hødd-press i forkant. Og ved eit par andre høve var det berre ein god Jan-Lennart Urke i Hødd-målet som hindra scoring.

Offensivt var Hødd effektive i andre omgang. Kaptein Jesper Törnqvist heada inn ein corner frå Bendik Rise like etter Nest-Sotra sitt 1-2-mål. Men scoringa sette ikkje like høg fart på Hødd som heimepublikummet håpte.

Opna med kjempescoring

Eigentleg var det merkeleg at 2. omgangen skulle bli slik. For før pause sleit bortelaget fælt med å skape sjansar. Jan-Lennart Urke hadde ei fin redning på eit skot frå Bjarte Haugsdal midt i omgangen.

Elles skapte grøntrøyene lite anna enn dødballar. Hødd fekk ein pangstart på kampen med ei kjempescoring i det tredje minutt. Bendik Rise slo ei «boksopnar-pasning» til Didrik Sereba, som uegoistisk og på flott vis la vidare til Torbjørn Kallevåg. Hødds nummer 10 sette inn sitt fjerde seriemål for året frå kort hald.

Det kunne også ha vore større leiing til heimelaget halvvegs. Om Hødd vart snytt for straffespark etter ein hands-situasjon stod ikkje Sunnmørsposten sin utsende godt nok plassert til å seie noko om. Men Didrik Sereba fekk ein stor sjanse til å doble leiinga i det 29. minuttet.

Avslutninga var dessverre ikkje sterk nok til å overliste Martin Sanchez Olsen i bortemålet. Om 2-0 til pause hadde ført til eit anna resultat denne varme søndag ettermiddagen i Ulsteinvik blir uansett lite anna enn ein spekulasjon.

- Verre for Nest-Sotra

For fjerde heimekamp på rad i serien klarte ikkje Hødd å følgje opp ein brukbar eller bra 1. omgang med ein like solid 2. omgang. Men i motsetning til dei to siste heimekampane mot Odd 2 og Nardo vart Hødd denne gongen straffa hardare for sløvt forsvarsspel etter pause. For ein skal hugse at Nest-Sotra ikkje er noko dårleg lag. Dei vann 8-1 mot Fana sist helg. I midtveka slo dei ut Sandnes Ulf frå cupen.

- At vi eventuelt var slitne etter cupkampen vår mot Molde i midtveka kan vi ikkje bruke som ei unnskyldning. For også Nest-Sotra spelte cupkamp. Og dei har i tillegg reist opp hit, seier Sindre Eid på spørsmål om hardt kampprogram kunne forklare Hødds svake andre omgang.

- Dette var ein sekspoengskamp. Og dermed ekstra kjedeleg å tape. No ligg vel Nest-Sotra seks poeng framfor oss også. Men sist veke vann vi ein sekspoengskamp, då vi slo Nardo, minner toppscorar Torbjørn Kallevåg oss om.

Opprykkshåpet er ikkje ute for Hødd. Men Hødd har utvilsamt ein del å jobbe med om dei skal kjempe med lag som Bryne og Nest-Sotra om den direkte opprykksplassen.