Og det høyrest jo unekteleg ut som ein god match. Hjelmeseth er frå Ulsteinvik, har slite med tilliten i Elverum i år – og er heller ikkje framand for ein retur til moderklubben.

– Eg kan ikkje avkrefte at ein retur til Hødd er aktuelt for meg no. Men eg har heller ikkje fått noko tilbod frå dei, seier Robin Hjelmeseth på telefon frå Elverum.

Der er han nettopp i gang med oppkøyringa til OBOS-lagets haustsesong. Men får 24-åringen som han vil, har han fått seg ny arbeidsgjevar før Elverums første haustkamp borte mot Ull/Kisa 23. juli.

Suksess i to år

Hjelmeseth var ein stor suksess for Elverum i 2015 og 2016, med høvesvis 11 og 18 seriemål i 2.-divisjon. Hjelmeseth var ein svært viktig grunn til at Elverum rykte opp til OBOS-ligaen framfor denne sesongen. Før jul var spissen aktuell for både Hødd og Elverum, men enda opp med ny kontrakt i Hedmark.

Det angrar truleg Hjelmeseth på i dag. For i vinter førte ein utanomsportsleg episode til at forholdet mellom Hjelmeseth og trenar Tore Fossum kjølna.

Dessutan har Elverum lagt om til ein spelestil som ikkje passar ulsteinvikaren spesielt godt. Og dermed har det berre blitt éin kamp frå start og eitt seriemål for Hjelmeseth så langt i år.

– Eg var veldig godt nøgd med sesongen min i fjor. Eg følte også at eg starta oppkøyringa bra i år. Men etter treningsleiren på La Manga før seriestart har noko gjort at eg stort sett berre spelar siste kvarteret av kampane våre, seier Robin Hjelmeseth.

Kommenterer ikkje enkeltspelarar

Utan at han seier det direkte forstår vi på han at ein Elverum-exit står langt oppe på ønskelista hans. Og helst vil Hjelmeseth vekk så fort som mogleg.

– Det skjer neppe noko før helga. Men kanskje neste veke, avslører spissen.

Nokon konkret dialog mellom han og Hødd er altså ikkje i gang. Men om Hødd er om seg har dei kanskje gode moglegheiter til å re-signere Hjelmseth?

– Det blir feil av meg å begynne å uttale meg om enkeltspelarar, både med omsyn til kva som kan skje å kortare og lengre sikt. Det er ulike ting som kan skje i forhold til stallen vår og eventuelle endringar, både inn og ut, kommenterer Hødd-sportssjef André Nevstad.

Følger Hødd tett

Robin Hjelmeseth bøtta inn mål for Hødd i aldersbestemte klassar. Også for Hødd 2 i 3.-divisjon var Hjelmeseth ein målfarleg mann i fleire sesongar. Men han sleit med å få tillit på a-laget, som på den tida spelte i 1.-divisjon. I 2012 var Hjelmeset ei stund lånt ut til Aalesund, der han scora tre mål på ti 2.-divisjonskampar. Tilbake i Hødd spelte Hjelmeseth fem a-kampar i 2013, og 13 året etter. Men framfor 2015-sesongen reiste han altså til Elverum.

– Sidan eg slutta i Hødd har eg sett alle kampane eg har moglegheit til via nett-TV. Eg har følgt nøye med i år også. Eg må ærleg innrømme at Hødd har skuffa meg. Samtidig er det mykje nytt og ungt på ein gong. Ein skal aldri seie aldri, men det blir neppe opprykk i år, vurderer Hjelmeseth.

Han er nettopp ferdig med ein bachelorgrad i økonomi. Det første året tok han i Ålesund, dei to neste i Elverum. No siktar 24-åringen seg inn på ein mastergrad via Høgskolen i Innlandet. Men utdanninga kan takast samlingsbasert, så han treng ikkje om å vere i Elverum ofte. Til dømes kan Hjelmeseth spele for ein klubb ein annan plass i landet, men reise til Elverum for å delta på samlingar no og då.

Manglar ein storscorar

Hødd sine spissar har slite med å finne vegen til målet denne sesongen. Badr Rahhaoui har scora to gonger i serien, Amani Mbedule éin. Magnus Myklebust har så langt ikkje scora i serien, men det skal seiast at han både har spelt ein del på kanten og mista delar av vårsesongen grunna skadar.

I alle tilfelle er det andre som har stått for dei fleste måla Hødd har så langt i år. Midtbanespelaren Torbjørn Kallevåg, som no er ute med skade, er toppscorar med seks mål. Sondre Beite, som berre har éin kamp får start, står med tre.