(Fjordingen): Gjedrem har lang fartstid som utøvar og har vore i norgestoppen både som junior- og seniorløpar. Mellom anna har han tre NM-gull som senior.

Han vart formelt tilsett som trenar ved landslinja førre veke, der han skal samarbeide med Anders Vonheim. No håpar han å få bruke kunnskapen og erfaringane han har skaffa seg som utøvar til å hjelpe fram nye skiskyttartalent.

– Eg kan jo alle sider ved dette, men eg har ikkje hatt direkte ansvar for utøvarar før, seier bonden frå Valldal.

Torstein Tvinnereim ved Stryn vidaregåande skule er svært nøgd med trenarduoen som er på plass for å ta hand om det første kullet ved landslinja.

– Vi er veldig nøgde med å få Gjedrem i tillegg til Anders Vonheim. Han er ein type som vil passe veldig godt inn, seier Tvinnereim.

Det er seks løparar som har søkt plass ved landslinja.

Saka blei først publisert i Fjordingen.