Kampen var jamspelt dei første minutta. Men etter at Håvard Madsen sette inn 1-0 handla det aller meste om Bergsøy. Kaptein og midtbanespelar Kristoffer Dalstrøm scora 2-0 på frispark.

Tarjei Frøysa punkterte i realiteten kampen då han dukka opp på bakarste stong og sette inn 3-0. Men for sikkerheits skuld sørgja mål av Glenn Are Elveseter og endå eitt frå Kristoffer Dalstrøm i 2. omgang for 5-0-siger og dermed avansement til 1/32-finalen i a-sluttspelet.

Ut frå alle sjansane Bergsøy skapte i andre omgang kunne sigeren også ha vore større.

– Vi kopla ut

– Eg er godt nøgd. Eg følte vi spelte bra. I starten var vi effektive. Det var i grunnen i andre omgang vi spelte best, seier Kristoffer Dalstrøm, som innrømmer at han ikkje prøvde på å score då frisparket hans i første omgang gav 2-0 til Herøy-laget.

(Saka fortsetter under bildet)

– Var det ekstra spesielt å spele på direktesendt TV?

– Vi tenkte mykje på det før kampen. Men etter at kampen kom i gang kopla vi det ut frå tankane vore, fortel kaptein Dalstrøm.

Ekstra "på"

Som trur dette Bergsøy-laget kan nå langt. Allereie i ettermiddagen spelar dei 1/32-finale. Han får støtte av keeper Teodor Nærø.

– Eg trur vi når ganske langt, meiner Nærø. Han var godt nøgd med å halde nullen mot Rosendal.

– Eg var ekstra "på" i dag sidan kampen gjekk på TV. Det var ekstra kjekt sidan eg aldri har spelt på TV før, smiler Nærø.