– I år skulle vi berre melde på eit lag for å fare ned hit og ha det hyggjeleg. Vi hadde ikkje tenkt over at vi kunne nå langt i turneringa, seier Rune Holstad, som har trena dette Hareid-laget under Norway Cup saman med svogeren Erling Hareide. For sikerheits skuld er kone og syster Astrid Hareide Holstad med som lagleiar.

Men etter gode resultat innleiingsvis begynte Hareid å tenke på gull.

– Onsdag kveld tenkte eg at vi faktisk hadde sin sjanse. Då visste vi at vi kunne møte Bergsøy i semifinalen torsdag, forklarer Rune Holstad.

Overraska matchvinnar

Hareid vann fortent 4-2 mot Bergsøy i semifinalen. Dermed var det duka for finale mot Førde i dag. Hareid tok leiinga ved Kim André Alvestad allereie etter eitt minutt. Førde utlikna tre minutt seinare. I det 20. minutt tok Førde leiinga.

Men August Brandal, som gjekk mykje inn og ut grunna skadar, kom inn og utlikna til 2-2 like etter. Midt i 2. omgang vart kampen avgjort då Kim André Alvestad sette inn 3-2 etter ein retur. Kampen var såpass jamspelt at han kunne ha gått begge vegar. Men det var ikkje urettvist at Hareid at vann til slutt.

– Dette var kjempeherleg. Dette hadde eg aldri trudd, verken at vi skulle vinne turneringa eller at eg skulle bli matchvinnar. Vi var rett og slett betre enn eg trudde i årets turnering, seier dagens mann, Kim André Alvestad, like etter kampslutt.

– Fleire med 4.-divisjonserfaring

Hareid-laget består av to kull som ikkje har spelt så mykje i lag tidlegare. Nokre av dei eldste har nemleg for lengst etablert seg i a-stallen til Hareid i 4.-divisjon, og spelar dermed lite for G16-laget til vanleg.

Kanskje dermed ikkje så rart at laget ikkje visste kor gode dei var før turneringa starta. Men det skal seiast at matchvinnaren Kim André Alvestad ikkje er blant dei fire på dette laget som har spelt 4.-divisjonsfotball i vår. Men om han held fram som på Ekebergsletta vil ha nok kome opp på det nivået om ikkje altfor lenge.

– Vi har x-faktor

– Finalen bølgja fram og tilbake. Førde hadde vel overtaket ei stund. Det er jo det beste laget vi har møtt her nede. Men vi har x-factor i laget vårt, som ved farta til August Brandal og Kim André Alvestad framover. Og det var heilt fortent at vi vann, smiler Rune Holstad.

– Korleis skal de feire gullet?

– Vi skal ned i Ekberghallen og ete lunsj, flirer kona Astrid Hareide Holstad.