(Møre-Nytt) Johan Bugge, Eidsvåg IL, vann Saudehornet rett opp i Ørsta laurdag. Det vart ein suveren siger. I tunge og vanskelege forhold, kom han i mål på tida 51.30.

Han var over fem minutt før nestemann, Erling Hisdal, Tjalve IL, som klokka inn på 56.35.

- Målet var å få best mogleg tid. Men det vart vått, fortel han til Møre-Nytt sin reporter på staden, Åsmund Brunstad Øyehaug.

Bugge fekk tidleg ei klar leiing, og var i einsam majestet mest heile vegen. Opp Vallahornsida berre auka han på.

Dameklassa vart vunne av Åse Iren Sætre, Ørsta IL.  Ho sprang på 1.06.2.

77 løparar var i år registrerte i konkurranseklassa.

Årets løp vart prega av skodde og dårleg sikt. Men det vert rapportert om mange folk oppe i fjellsida.