Verdsmeister Etter VM-gullet torsdag kveld er Karsten Warholm blitt ein a-kjendis heile Norge vil ha ein bit av. Men Warholm gløymer heller aldri kvar han kjem frå, og sender gjerne ei takk til Dimna IL og folket heime etter triumfen i London.
(Foto: Scanpix)

Verdsmeister Etter VM-gullet torsdag kveld er Karsten Warholm blitt ein a-kjendis heile Norge vil ha ein bit av. Men Warholm gløymer heller aldri kvar han kjem frå, og sender gjerne ei takk til Dimna IL og folket heime etter triumfen i London. Foto: Scanpix

Karsten takkar gjennom Sunnmørsposten

– Tusen takk for helsingane

Karsten Warholm har fått så mange gratulasjonshelsingar etter VM-triumfen at det uråd å svare alle. Han håper ei helsing via Sunnmørsposten kan hjelpe på.

– Eg har dessverre ikkje fått tid til å svare alle. Det har for det meste berre vore prata med den indre kjernen. Alle andre ønskjer eg å takke her og no gjennom Sunnmørsposten, seier Karsten Warholm.

Fredag kveld landa Karsten Warholm på Gardermoen. Det var ein spøkefull Warholm som møtte pressa, der han mellom anna kommenterte bilete av han som "skrik".

- Trur det må vere bra. Det er spesielt, seier han.

På flyplassen viste han fram medaljen for pressa.

- Den er litt fin, kommenterer han.

Warholm seier at han skal slappe av. Deretter blir han nokre dagar i Oslo. Ein eller annan gong komande veke vender han snuten mot Ulstein, der han mellom anna skal delta på eit sponsorarrangement med bedrifta JETS i høve «Trebaatfestivalen». Veka etter blir ekstremt travel for Warholm. Då skal han både delta i Diamond League-avslutninga i Zürich og NM i Sandnes.

Warholm lover å leke i framtida også

400 meter hekk blir fortsatt Karsten Warholms spesialøvelse, men han lover å teste ut andre øvelser også.

Over 1000 gratulasjonar


Se bildene fra medaljeseremonien

– Dette var fantastisk bra

Karsten Warholm (21) ble fraktet rett fra torsdagens medaljeseremoni på stadion til BBCs studio.

Det var onsdag kveld han overraska mange då han vann 400-meter hekk i London-VM. Etter gullet har det tikka inn

Søvnløs natt for Warholm i gullrus

Karsten Warholm fikk knapt til å sove etter VM-gullet på 400 meter hekk onsdag. 21-åringen er fortsatt i gullrus, men har allerede begynt å tenke på nye mål.

haugevis av gratulasjonar både via mobiltelefon og i sosiale media. Ifølgje seg sjølv har Warholm fått over 1000 gratulasjonar til saman. Ja, kanskje endå fleire?

Og Karsten Warholm må berre beklage at han ikkje rekk over å svare alle personleg.

Les Sunnmørsposten sitt intervju med Karsten Warholm frå Heathrow.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Norgesraidet ble stoppet på Moa

Hadde planlagt «vanntett» svindel – slik ble de avslørt

De betalte tilsynelatende med egne kredittkort og skjulte sporene sine. I løpet av få dager hadde de kofferter fulle av kostbar elektronikk, smykker og parfyme.