Då VM-vinnaren av 400 meter hekk i London, Karsten Warholm, kom heim til Ulsteinvik tysdag kveld, ville sambygdingane feire han og gullet.

Warholm sa til Sunnmørspostens videoreporter at han var overvelda over at folk i Ulsteinvik lagde ei slik markering.

Da han heldt ein liten takketale til dei frammøtte, sa han at det hadde vore nokon fantastiske dagar.

– Det å komme frå Ulsteinvik har gitt meg ein følelse av tilhøyrsel som har vore ein fin ballast. No skal eg bruke denne augneblinken som motivasjon vidare i karrieren, og eg håper at born som er til stades her i dag kan gjere det same.

Det blei opplyst om at Warholm ikkje hadde tid til å skrive autografar, eller ta selfies med dei oppmøte, men at det ville bli fleire høve seinare i haust.

Stor bildeserie med Karsten Warholm gjennom 11 år