Volda avgjorde på overtid

Volda trengde alle tre poenga mot Trondheims Ørn 2, for å vere sikre på å halde Tynset bak seg på tabellen.

Volda- Trondheims Ørn 2  2-1 (1-0)
  • Tilskodarar: Ca. 75
  • 1-0 Camilla Aure (38 min), 1-1 Emilie Bragstad (66 min), 2-1 Maren Rogne Vatne (94 min)
  • Gule kort:  Volda: Sofie Vassbotn, Trondheims Ørn 2: Nora Møller, Inger Marie Høston
Det vart ein særs spennande kamp der Volda er best før pause og leiar 1-0 etter dei første 45 minutta. Etter kvilen tek bortelaget meir og meir over spelet, sjølv om det er langt mellom dei store sjansane.

Ørn får utlikninga midt i omgongen, og trykker på for siger. Men Volda står i mot, og vel fire minutt på overtid sett Maren Rogne Vatne inn sigersmålet frå kort hald.

Volda tek dermed 8.plassen, og er avhengige av at anten KIL/Hemne held plassen i 1.divisjon eller at Fortuna klarar opprykk, for å halde plassen.

Mer å lese på Sunnmørsposten:
 
Leses nå
 

Forsiden nå:

Førpremiere på spillefilmen «Rett vest» på Ona:

– En skikkelig god-film