Haugen sprang saman med Harald Sel (Bryne) og Henrik Aasbø (Rindal) på slutten og vart klokka inn til 4.52.30, langt bak hans årsbeste som er godt under fire timar.

Haugen deltok sist søndag i Budapest Maraton, tysdag gjekk han marsjmerket på 30 km og laurdag altså nye 42.195 meter i Bergen.

600 i 2019?

– Når rundar du 600 løp?

– Det reknar eg med skjer i 2019. Men eg tek eit løp av gangen, seier 64-åringen.

Helge Fuglseth frå Ålesund vann klasse 65-69 år i Bergen på gode 3.35.34, medan Helge Hafsås, Olden, var nr. 3 totalt med 2.57.34, hans 235 løp under tre timar.

«Persa» med eit kvarter

Angelika Sverdrup (44) frå Ålesund vart toar totalt av alle damene, i sitt andre gatemaraton. Og ho vann klasse 40-44 år.

– Alt klaffa i dette løpet for min del. Eg «persa» med 15 minutt, over all forventning, seier ein alltid positiv Sverdrup.

Som er kjent i løpsmiljøet som ein aktiv bloggar. Ho vart klokka inn på sterke 3.42.23 i sin heimby Bergen.

Per Jan Helset frå Langevåg vann klasse 70-74 år på 5.36.11.