29-åringen vert hugsa i Ulsteinvik. I løpet av snautt fire år scora han heile 49 mål på 93 kampar for klubben, og det er solide tal. Han var også oppteken av å bidra elles i klubben, mellom anna gjorde han ein flott trenarjobb for diverse jentelag i Hødd over fleire sesongar.

No på seinhausten var det klart at han ikkje skulle spele for Hødd i 2018, og han vart vraka frå kamptroppen dei siste kampane. Så han fekk kanskje ikkje den avskjeden han fortente.

Sunnmørsposten snakka med Shroot før han drog attende til England, og han beklaga at dei to siste sesongane ikkje har vore gode for blåtrøyene.

– Årets sesong har vore vanskeleg, i ei tøff avdeling. Sjølvsagt har vi hatt våre gode prestasjonar, men vi var altfor ustabile i vår, diverre. I for mange kampar har vi spelt som eit midtlag, og eg er den fyrste til å beklage at vi har svikta trenarane og klubben for ofte i år. Sindre (Eid), Harald (Aasland Riise) og dei andre trenarane har gjeve alt for Hødd, det har ikkje vi spelarane vore flinke nok til alltid, sa ein sjølvkritisk Shroot.

Bør vere ærlege

– Alle spelarane bør vere brutalt ærlege med seg sjølve, og spørje seg sjølve kvifor vi har kjempa rundt midten av tabellen i heile år. Kva har topplaga klart, som ikkje vi i Hødd makta i år? Å hamne på 6.-plass på nivå tre i Norge er uakseptabelt for ein klubb som Hødd.

I vår spelte Robin for Viking, men han fekk heller lite speletid i Stavanger-klubben.

– Sjølv om eg ikkje fekk så enormt med speletid, var det ei flott erfaring for meg å få vere i ein klubb på høgste nivå. Det var årsaker utanfor min kontroll som gjorde at eg fekk spele lite. Eg skulle eksempelvis starte borte mot Molde, hadde trenar Burchnall gjeve beskjed om. Men då vi kom til stadion, hadde han endra på laget, og eg var ute. Det viste seg at trenaren hadde fått ein telefon frå høgare hald i klubben, med ordre om at eg ikkje skulle spele. Framleis veit eg ikkje årsaka til dette, seier Shroot.

Som seier han aldri vil gløyme desse åra i Ulsteinvik.

– Takk til Hødd, André Nevstad og Sindre Eid som henta meg frå «skraphaugen» i engelsk fotball og hit. Og eg har òg fått mange gode vener her, seier han.