Voldas handballdamer leia 16–8 til pause i Voldahallen, og gav seg ikkje før det stod 33–10. Dei slapp med andre ord berre inn to (!) mål etter pause.

– Eg har aldri vore med på å sleppe inn så få mål i ein omgang. Vi var fantastiske i forsvar i heile kampen, men rota litt framover til tider, seier Volda-trenar Halldor Haraldsson

Lone Vik og Anette Berg blei toppscorarar med fem mål.

Damelaget til Bergsøy spelte laurdag mot Glassverket 2. Det stod 10–10 til pause i Herøyhallen, men etter pause var det gjestane som var best. Glassverket 2 vann til slutt 24–20. Aukse Aglinskiene blei Bergsøy sin toppscorar med fem mål.

Bergsøys handballherrar hadde berre med seg åtte spelarar til to borteturar i helga. Laurdag spelte dei mot Stord, og låg under heile 18–11 til pause. Sluttresultatet blei 34–23 til Stord. Zilvinas Grieze blei toppscorar med sju mål. Søndag gjekk det betre mot Bergen HK. Til pause leia Bergsøy 14-12, og dei vann til slutt 30–27 i Landåshallen. Her blei Evaldas Grieze toppscorar med ni mål.