(Møre-Nytt) Volda slo Gneist 31-21 heime i Voldahallen søndag. Trenar Halldór Stefán Haraldsson ville på ingen måte innkassere opprykket før returkampen i Bergen, men mykje skal gå gale om ikkje Volda når målsettinga for sesongen. 1. omgangen mellom laga har vore jamn, og Gneist viste seg frå ei betre side enn kva dei klarte i første kampen. Med offensiv markering på Marte Nornes måtte Volda spele litt annleis i angrep, men skåringar frå Nornes og Hanna Ræstad sikra Volda-leiing 16-14 til pause.

– Det var litt som forventa, summerte Haraldsson opp 1. omgangen til Sunnmørsposten.

Den islandske trenaren var ikkje nøgd med forsvarsspelet, men var nøgd med det Volda viste offensivt.

I 2. omgang stod Volda betre i forsvar, og roterte ein del i laget utover i omgangen. Opprykket var aldri truga i Bergen, og Volda spelar i 1. divisjon komande sesong etter.

– Eg trur det må synke inn litt, men det følest berre bra, sa Kine Kvalsund etter kampslutt.

– Eg følte at vi hadde full kontroll gjennom heile kampen. Vi spelte bra i angrep og dårleg i forsvar i 1. omgang, og i 2. omgang spelte vi godt i forsvar og dårleg i angrep, sa Haraldsson.

Thea Sturludottir vart toppskårar for Volda med seks skåringar.

Denne saka vart først publisert av Møre-Nytt.