– Det har vore mange, spennande opplevingar, seier ein takksam Sjur Ole Svarstad. – Til hausten ser eg fram til å vere meir heime med familien, og startar i jobb på Stryn Vidaregåande Skule, seier Svarstad ifølgje skiforbundet.no.

Sjur Ole starta som rekruttlandslagstrenar i Skiforbundet i 2011, der han bidrog til å utvikle mange, unge løparar til prestasjonar i verdsklasse. I sitt rekruttlag trena han blant anna Ragnhild Haga, Heidi Weng, Emil Iversen, Pål Golberg og Niklas Dyrhaug. Frå sesongen 2016 vart han ein del av trenarteamet for kvinnelandslaget med Roar Hjelmeset som sjef.

- Eg har stor forståing for at Sjur Ole ynskjer å prioritere jobb og familie heime i Stryn, seier landslagssjef Vidar Løfshus.

– Likevel er det synd for norsk langrenn at ein så dyktig, ung trenar ikkje blir med oss vidare. Eg vil takke han for hans engasjerande og energifylte bidrag inn i trenarteamet. Hans kompetanse, erfaring og ikkje minst ubetalelege, gode humør vil bli sakna. Vi håper vi i framtida igjen får gleda av Sjur Ole i norsk langrenn og ynskjer han lukke til i utviklinga av nye, unge idrettsutøvere på ein lokal arena, seier han.