Rennleiar Kristian Mork var naturleg nok strålande nøgd etter opningsrennet.

– Onsdag såg alt lyst ut. Torsdagen kom med snø og skodde, og slett ikkje forhold for super-G. Men heldigvis, vêret skifter ofte på Sunnmøre. Vi har hatt ein praktdag, og berre positive tilbakemeldingar.

Solbakken heldt ord

At Stranda plukka med seg fire NM- titlar viser at klubben har mobilisert. Josefine Mork (58.14) og Eivind Græsdal (56.56) tok seg av dei yngste klassane, Eli Hårdnes (1.01.89) viste at ho enno kan, sjølv om super-G ikkje var grein i hennar velmakt. Og Bjarne Solbakken heldt ord; med tida 54.34 fekk han bestetid, 47 hundredelar føre Fredrick Skår.

– Eg stiller i alle disiplinane, og vil vere mest nervøs siste dag då slalåm står på programmet, seier Solbakken, som var full av beundring for Eli Hårdnes sin innsats.

– Ho køyrer så grunnteknisk rett, at ho vil aldri gå ut på dato, slo han fast med tyngde.

Det var generøst sagt meinte Hårnes, som kunne fortelje at ho både går langrenn og køyrer alpint, men det dreier seg om frikøyring, ikkje portar.

Kvinne eldst

Løparane var gjennom ein prøveomgang før sjølve rennet. Løypa var passe lett, difor få utkøyringar eller fall. Eldste deltakar i rennet var 77-åringen Tinkel Anna Utne frå Bergen, som tok seg til mål i upåklageleg stil på tida 1.23.56. Rykta seier at arrangørklubben slår i bordet med ein 80-åring under storslalåmrennet på laurdag!

61-65 år størst

Sjølv om rennet er ope for deltakarar heilt ned til 17 år, var dette tydeleg veteranane sitt renn. Gjerne menn med litt mage som dreg seg mot pensjonsalderen. Faktum er i alle fall at klasse 61-65 år var størst både mellom kvinner og menn. Fjør i hatten til 64-åringen Mona Rivelsrud som vann på fine 1.05.14. Dei lokale mannfolka i denne klassa kom midt på treet, etter at utøvarar frå Stranda IL og Aalesund Skiklubb hadde gjort sitt beste.

– Eg køyrde ti sekund raskare enn i prøveomgangen, slo ein nøgd Eystein Liavaag fast.

Flotte klubbnamn

Utanom vinnarar frå Stranda, Spjelkavik og Sykkylven, kom dei øvrige vinnarane frå desse klubbane: Stabæk IF, Drammen slalåmklubb, Tertnes Alpin, Kvitfjell veteran, Trysilgutten, Ørnar IL, Hafjell veteranskiklubb, Fossum IF, Nannestad IL og Asker skiklubb. Klubbar eit NM verdig!