• Videoereportasje over - sjå medaljesamlinga heime i Ulsteinvik - og høyr korleis kameratar reagerar på suksessen

Som 18-åring er Karsten Warholm er best i landet på både 400 meter og 100 meter hekk. Likevel har Dimna-utøvaren ikkje planer om å spesialisere seg og held fram satsinga på mangekamp neste sesong.

Warholm har nok ein gong gått gjennom ein sesong frå triumf til triumf. Gullsankinga starta i innandørshallen i Bærum i mars. Frå Ungdomsmeisterskapen tok han med seg tre gullmedaljar og to nye noregsrekordar for junior.

Les fleire sportsnyheiter på smp.no

Jubelsesong

Utandørs tok han dobbelt så mange i det same meisterskapet, medan han stod på toppen av sigerspallen fem gonger også i junior-NM. I senior-NM slo han heile noregseliten både på 400 meter og 110 meter hekk.

Men sjølv om han blei teken ut til å springe 400 meter i senior-EM i Zurich, var sommarens store mål tikampen i junior-VM i USA. Dimna-guten imponerte stort på fleire av løps- og hoppøvingane, tapte terreng i kastøvingane og blei til slutt nummer 10, som beste europear. Det lovar godt for neste års store mål.

– Junior-EM i Sverige blir mitt store mål neste sesong, seier Karsten til Nærnett.no.

– Kva slags øvingar vil du satse på der?

– Slik som det ser ut no har eg veldig lyst til å satse på tikamp og 400 meter. Men eg har ikkje sett på tidsskjema om det faktisk går an.

Går for mangekamp

18-åringen som går siste år på Ulstein vidaregåande skule, har ingen planer om å spesialisere seg heilt enno.

– Det melder seg så klart ganske mange freistingar når eg gjer det bra på 400 meter, hekk og sånn. Men eg har sagt eg skal gje meg eit år til der eg satsar mot mangekamp.

Følg smp.no på Facebook

Han fortel at det er mange som prøvar å meine noko om kva han bør satse på, men det prøvar han å ikkje bry seg så alt for mykje om.

- Eg prøvar å halde det litt på avstand og trene på det eg no synest er gøy, så får tida vise kva eg til slutt endar opp med.

– Viss du skulle ha vald i dag då?

– Da trur eg hadde vald mangekamp faktisk. Eg trivst veldig med å halde på med det og synest det er veldig moro å drive med dei nye øvingane, som stav og diskos. Men alt kan jo endre seg, smiler han som blir sett på som Noregs største friidrettstalent.

Denne saka er eit samarbeid mellom smp.no og journalistutdanninga i Volda.

No har Karsten Warholm endeleg teke ein velfortent ferie. Bli med heim til Warholm og sjå kva han brukar tida på i treningsferien i videoreportasjen.