Tor Hallaråker, leiar i Volda og Ørsta Bordtennisklubb, meiner dei er favorittar i finalen mot Laksevåg i sluttspelet i Stigaligaen.

I kveld spelte Volda og Ørsta BTK semifinale i sluttspelet mot Sarpsborg på Sæbø skule. Før kampen blei heimelaget regna for å vere favorittar, og dei fekk det som dei ville. Sluttresultatet blei 5–2 samanlagd til Volda og Ørsta BTK.

– Vi fekk det akkurat som vi ville. Det er kjekt å komme til finalen no, seier Viktor Brodd til Sunnmørsposten.

13-åring imponerte

– Viktor er særs viktig å ha på laget, for han gir oss ein tryggleik og vinn kampane sine, seier klubbleiar Hallaråker.

Den svenske spelaren vann dei tre kampane han var involvert i. Heimelaget stilte med dei tre utlendingane Brodd, Máté Mórizc, Ferenc Horvath og Zsolt Berecki. 13-åringen Sigurd Tjalveson Sørheim var det lokale innslaget på laget. Ifølgje Tor Hallaråker imponerte han, sjølv om det blei tap mot Jon-Martin Soo Hansen i den kampen han spelte.

– Sigurd klarte seg særs bra mot ein juniorlandslagsspelar. Han var litt uheldig på dei to siste ballene, men for berre seks månader sidan var det utenkeleg at Sigurd skulle gje han ein så god kamp, seier klubbleiaren.

Laksevåg i finalen

I den andre semifinalen vann Laksevåg 5–3 på heimebane mot Eiker. Det betyr at dei to favorittane no skal spele mot kvarandre i finalen. Laga møttest også i finalen i 2012/13-sesongen, men den gongen vann Laksevåg 3–1.

– Eg synest det er vanskeleg å seie kven som blir favorittar, for det blir ein jamn kamp, seier Brodd.

Hallaråker er meir optimistisk med tanke på klubbens mulegheiter mot Laksevåg i finalen.

– Visst vi kan stille med vårt sterkaste lag, så trur eg vi er favorittar og har gode sjansar til å vinne. Vi har tre spelarar som held eit høgt nivå, så sjansen er nok 60–40 i vår favør, seier Hallaråker.

Må ha sterkt lag

Han meiner at sjansane til klubben minker om ein ikkje stiller med eit toppa lag.

– Vi har ikkje moglegheit til å ha 100 toppspelarar som står klare til å gjere ein innsats. Om det blir skader eller forfall, så kan det bli tøft. Men vi har ein fordel av at det berre er ein doublekamp i sluttspelet, og vi har eit sterkt lag som knapt taper doublekampar, seier Hallaråker.