Karsten Warholm (19) er ein av Dimna IL sine gullkandidatar i helga. I den nye Ulsteinhallen skal det arrangerast Ungdomsmeisterskap i friidrett, der deltakerar frå heile Noreg kjem.

- Det er ekstra press på heimebane, då folk kjem for å sjå på. Men eg trur det vil gje resultata eit ekstra kick.

Samarbeid skaper suksess

Lokaltalentet har eit godt samarbeid med trenaren, Arve Hatlø, og saman har dei utvikla suksessen. Hatlø har fylgt han sidan han var 12 år og utøvaren seier at trenaren veit kva trening han treng i ulike situasjonar.

- Eg trenar kvar dag, men det er viktig å halde kviledagen heilag.

Denne veka har våre rolegare enn elles med trening. Warholm og trenaren har jobba mest med å bygge opp tryggleika til øvingane.

- Til helga skal eg kome på formtopp, med overskot av energi.

400 meter og mangekamp

Før var det eit luksusproblem at utøvaren kunne ta det han følte for, men no må han snart velje og spesialisere seg innan friidretten.

- No prioriterer eg 400 meteren og mangekamp, så får eg sjå seinare kva eg vel.

Til no har det unge talentet rukke å tatt Norges-, Europa- og verdsrekord, og han har ei stor samling med gullmedaljar. I helga skal Warholm delta på 7 øvingar.

- Det vert hard konkurranse, men eg satsa på å ta gull i dei fleste øvingane, smiler han.