Då henta heimelaget opp 0-3 til 3-3 etter ein kamp der dommaren også kom i fokus.

– Jaja, han vart i alle fall ikkje arbeidslaus dommarveileiaren. Eg er stolt av laget mitt. Her var det tæl og guts heilt til dommaren gjorde kampen til noko nær ein parodi. Og då presiserer eg at vi klagar ikkje på utvisninga av Hildrestrand, er Norborg-trenar Stig Johansen sine ord etter kampen.

Den hardtskytande stopparen, Hans Edvard Nordang, stod for einaste målet før pause på direkte frispark frå 20 meter midtvegs i første omgang. Like før hadde nemnde Hildrestrand blitt vist det raude kortet grunna felling som bakerste mann.

I andre omgang plussa gjestane på med to nye mål mot eit tafatt heimelag.

Sterk opphenting

Men siste kvarteret snudde kampen.

Håkon Hunnes Hansen var den store servitøren, der alle måla kom etter innlegg (inkludert eit hjørnespark) frå venstre. På overtid redda heimelaget sin Bengt Hole Alnes på streken, og dommaren sende tomålsscorar Nordang av bana. Særs urettvist meinte gjestane, som langt tidlegare i omgangen meinte ein heimespelar burde sett sitt andre gule etter ei styggare takling.

Trass ein mann mindre i 75 minutt av kampen gjorde gjestane eit solid inntrykk på Ikornnes Idrettspark. Heilt klart ein potensiell opprykkskandidat. Heimetrenar Joistein Linga var meir bekymra.

– Vi må bygge vidare på prestasjonane vi gjorde siste kvarteret, men totalt sett er dette for dårleg. Det var lettare i fjor då vi var nyopprykte og «underdog», seier Sykkylven-trenaren.

Rollon på tabelltopp

I tillegg til Sykkylven - Norborg blei det spelt tre kampar i 4. divisjon torsdag. Blant anna imponerte Rollon igjen og sikra tabelltopp som einaste lag hittil med seks poeng. Slik var kampane:

HAREID - ROLLON 0-3 (0-0)

Mål Rollon:

Kristian Engelstad (2), Jonas Nordal

Kampen:

Det var lenge tett og jevnt mellom lagene som imponerte mest i første serierunde. Etter hvert festet imidlertid Rollon et lite overtak, og da Kristian Engelstad tidlig satte inn 1-0 i andre omgang så Rollon seg aldri tilbake. Rollon var klart beste i andre omgang og til slutt ble det en komfortabel seier.

GODØY - EMBLEM 2-1 (1-0)

Mål Godøy:

Svein-Arve Alnes (2)

Mål Emblem:

Marcus Steffensen

Kampen:

Godøy tok tidlig kommandoen på hjemmebane og fikk uttelling før det var gått et kvarter. Det jevnet seg ut etter dette, men da Svein-Arve Alnes satte inn 2-0 på straffe like etter pause så det meget bra ut for Godøy. Emblem reduserte en gang og forsøkte å sette inn et press på slutten. På tampen følte Emblem seg snytt da dommeren annullerte et mål, men det hjalp så lite. Godøy tok dermed en sterk seier.

LANGEVÅG - VARTDAL 1-0 (0-0)

Mål Langevåg:

Johann Valsson

Kampen:

Langevåg var det førende laget hjemme mot Vartdal, men tross det spillemessige overtaket lot målet vente på seg. De fleste hadde nok gitt opp hjemmeseier, men rett før slutt dukket Johann Valsson opp og sikret tre viktige LIL-poeng.