Sterk vind og snødrev førte til at arrangørane i Syvde IL valde å flytte målområdet frå platået på Blåfelden.

I staden gjekk deltakarane i mål ved eit område knappe 760 m.o.h. like under den store snøskavlen som ligg på den nedre enden av den smale egga bortover mot toppen av Svartetua.

Gjer som fleire enn 22.000 andre - lik smp.no på Facebook

Førehandsfavorittane vann

Svartetua er med sine 842 m.o.h. det høgste punktet på den ordinære ruta. I tillegg til mykje gamal snø var det der også 15-20 cm nysnø. Kortare løype gjer at ein ikkje kan samanlikne sluttidene med tidene frå tidlegare år.

I eit rekordstort konkurransefelt med 64 deltakarar var det ikkje uventa førehandsfavorittane Merete Helgheim frå Gloppen Friidrettslag og Kristen Skjeldal frå Voss IL som vann kvar sin klasse.

Har vunne 5 av 7 løp

Merete Helgheim har dermed vunne 5 av dei 7 Blåfelden rett opp som har vore arrangert. Merete Helgheim kom i mål på tida 39,31, med Guri Wangensteen Syvde IL på andreplass med 41,02 og Kari-Anne Tryggestad Ryste frå Sunnylven IL på tredjeplass med 46,16.

Kristen Skjeldal har delteke i Blåfelden rett opp berre ein gang tidlegare, og då vart han nr to etter Øyvind Heiberg Sundby som det året sette gjeldande løyperekord. Kristen Skjeldal brukte 32,26 minutt opp motbakkane. Den som har vunne Blåfelden rett opp flest gonger er Arve Rindal frå Eid IL, men i år vart han nr to på tida 33,13 føre Eirik Voksøy Bringsvor frå Sandsøy IL på tida 34,09.

Les fleire sportsnyheiter på smp.no

Tøff arrangør-jobb

Den aller tøffaste jobben i det sure veret var det kanskje arrangørane som hadde, og Kristen Skjeldal retta ein høglytt takk til dei som arrangerte motbakkeløpet rett etter at han kom i mål.

I følgje klassevinnarane var løypa i god stand, men mange av dei andre løparane meinte at løypa var både tung, sleip og ekstra bratt i år.