Allereie hausten 2013 lyste IL Hødd Fotball ut stillinga somsportsleg utviklingsleiar, og det er no klart at Geir Hansen tek til istillinga frå august i år.

-Vi er veldig godt fornøgd med at vi har fått ein kapasitetsom Geir Hansen på plass i denne stillinga, seier Andrè Nevstad i Hødd. Vi harhatt ein god dialog med Geir i lang tid, og veit at han vil passe perfekt inn iden sentrale rolla som hovudansvarleg for sporten og utviklingsarbeidet i Hødd.Geir vil jobbe tett inn mot toppfotballen, men også inn mot utviklingsarbeidetelles i klubben. Vi ser veldig fram til å få Geir på plass på Høddvoll rettetter ferien, seier ein fornøgd Nevstad.

Hansen er i dag tilsett i Sunnmøre Fotballkrets som spelarog trenarutviklar. I tillegg til jobben i kretsen er han også hovudtrenar forNorges G18-landslag.  Hansen hartidligare vore elleve år i AaFK.

Også hovudpersonen sjølv ser fram til å ta fatt på oppgåvenei Hødd:

-Eg gleda meg enormt til å jobbe saman med utruleg mangedyktige og dedikerte fotballfolk i Hødd. Klubben har høg kompetanse på leiar-og trenarsida, gode lag og ikkje minst mange spennande spelarar. Eg ser framtil å jobbe på kontoret og ute på feltet med å optimalisere muligheitene for ånå klubben sine målsetningar, seier Geir Hansen.