Ikkje alle mellom dei kring 1000 påmelde til den store idrettshelga i Geiranger kjem til start. Slik er det alltid. Ein av dei som mangla i dag var Jaroslaw Rzadkiewicz, kalla Jarek mellom kameratar. Han døydde 7. april i år, berre 45 år gamal.

Starten i Nibbeløpet var meint å vere eit livsminne, ei oppleving saman med brødrene Krzysztof og Tomasz. Jarek kom aldri til Geiranger. Men brødrene var der, saman med kameratane Lucjan og Jerzy. Alle fire ville springe for Jarek, som var der på sitt vis – namnet hans vart aldri fjerna frå deltakarlista.

Les også: Ny løyperekord i Nibberittet

Arbeid i møbel

Denne soga starta eigentleg i 2007. Ein av dei siste dagane i februar dette året flytta bror til Jarek, Tomasz, til Sykkylven. Han hadde fått seg jobb i møbelkonsernet Ekornes. Heime i Polen hadde han kone og sonen Karol. Året etter kom sonen Antonio. Tomasz fortel:

- Avtalen med kona var tre år i Norge. Gode år sjølv om avstanden til familien var altfor lang. «Skype-kontakt» vart redninga, seier Tomasz.

Tre år vart fem

Tomasz fann seg vel til rette i Norge. Han byrja springe, og deltok i Nibbeløpet både i 2011 og 2012. Bestetida var to timar 48 minutt.

- I samråd med kona vart mine tre tiltenkte år utvida til fem, men til ferien i 2012 var eg tilbake i heimlandet for godt, smiler polakken.

Ville ære minnet

Vel heime i Polen byrja Tomasz sysle med tanken om at Nibbeløpet var noko brødrene Jarek og Krzysztof også burde oppleve. 2014 vart året. Planar vart handfaste og påmeldinga ordna i god tid. 8. juni skulle eit felles livsminne spikrast i Geiranger for tre brør Rzadkiewicz. Så skjer det fatale. Jarek døyr.

- Vi bestemte at opplegget skulle gjennomførast. For å ære Jarek sitt minne, seier Tomasz stille og løfter augo mot himmelen.

-Håpar han såg oss

Alle fire polakkane fullførte i fin stil. Eit stort polsk team vart lagt merke til og viste ekte idrettsglede på toppen av Dalsnibba i dag.

- Ja, ein fantastisk dag. Bror min hadde lyst å bryte, men kunne sjølvsagt ikkje det. Han sleit seg inn på i overkant av tre timar og 40 minutt. Sjølv persa eg med over ti minutt.

Dei to polske venane var overvelda.

- I dag sleit vi for Jarek, håper han såg oss, fortel Tomasz etter alle er i mål.

Fem fantastiske år

I morgon reiser polakkane tilbake til heimlandet. Tomasz til byen Torun med 200 000 innbygggjarar. Til jobben i Opus Capita, eit firma som driv rekneskapsføring for utanlandske verksemder. Men han kjem tilbake til Norge. Alt i haust, til Oslo Maraton.

- Eg har passert 40 år, og har bestemt meg for å springe eit løp på minst 40 km – eit maratonløp. Og det måtte bli i Norge. Som stor takk til heile nasjonen for fem fantastiske år, avsluttar Tomasz.

Polakken Krzysztof Rzadkiewicz fekk stell av beste merke gjennom sine 21 kilometer og 1500 høgdemeter. Varmt var det óg.