Etter dei tre siste øvingane, stavsprang, spyd og 1.500, enda Karsten Warholm på ein 10. plass i tikampen i U20-VM i USA.

Friidrettstalentet frå Ulsteinvik og Dimna IL låg an til å ta medalje etter hekkeløpet i går kveld norsk tid, då han sprang inn til 3. plass på tida 14,14.

I diskos kasta 18-åringen 36.05 meter. Det var ikkje godt nok til å forsvare medaljeplassen, og han fall to plassar.

Høgt nivå

I stavsprangkonkurransen tangerte Warholm sin personlege rekord med eit sprang på 4.20 meter. På spyd og 1.500 meter leverte han også opp mot "pers", og trenar Arve Hatløy svært nøgd med innsatsen.

– Vi kan ikkje vere misfornøgde med at det ikkje vart medalje, med dei resultata han har oppnådd, seier Hatløy.

På 1.500 meter sprang Warholm inn på tida 4,52,94, og spydet kasta han 43,77 meter.

Warholm sette blant anna personleg rekord på 100-meteren på tida 10,55 heilt i starten av meisterkapen. Personleg rekord vart det også i lengde med 753 cm.

– Nivået var veldig høgt, og han vart beste 18-åring. EM til neste år blir bra, seier trenar Arve Hatløy, etter at siste øvinga var avslutta i morgontimane norsk tid.

Førehandsfavoritt Jirí Sýkora frå Tsjekkia tok som forventa gullet i tikampen.