Om lag 60 skyttarar frå dei to samlaga på Sunnmøre er på veg til årets Landsskyttarstemne (LS) i Sandnes som tek til fredag. Der møter dei 4.550 konkurrentar i jakta på medaljane.

– Det er liten tvil om at Sunnmøre har skyttarar som kan nå finaleplass både i felt- og baneskyting, seier Frank Sve frå Stranda.

Han er samlagsformann i Sunnmøre Skyttarsamlag og vi har bede han gje ei vurdering når det gjeld medaljesjansane til våre lokale utøvarar.

Følg smp.no på Facebook

LS-stjerne nr. 9?

– Sjølv om deltakinga lokalt berre er halvparten frå i fjor i LS på Oppdal har dette sin naturlege årsak i reiseavstandane, seier Sve.

– Likevel er nok dei beste med og spennande blir det om sunnylvingen Ivar Fivelstad kan ta sin niande LS-stjerne. Og om Are Hestetun frå Engesetdal og Skodje, som tok sin første medalje i fjor, kan ta sin første stjerne. Dei to vart beste sunnmørsseniorar på Oppdal og blir det truleg også i årets Landskyttarstemne, seier samlagsformannen.

Sunnmøre på skyttarkartet

I år er det ti år sidan sist Landsskyttarstemnet var arrangert i Sandnes.

Då var 21-åringen Stian Tafjord frå Sykkylven Skyttarlag det store lokale samtaleemnet etter at han så sensasjonelt kapra aksje i Offiserspokalen, Landsskytterstemnets høgste trofe, etter Kongepokalen.

Tafjord følgde elles opp med totalt 344 poeng som gav sterk sjuandeplass. Tafjord har ikkje delteke dei seinare åra på DFS sitt største stemne.

Les fleire sportsnyheiter på smp.no

Medaljekandidatar

I ungdomsklassene har dei lokale samlaga toppskyttarar også i år.

– Om dei kan kopiere Landsskytterastemnet i 2012 med fire NM-gull til samlaget, skal godt gjerast, trur Frank Sve.

I juniorklassa har Olaug Marie Baade Aamlid frå Ørskog Skyttarlag vist seg stabil på toppresultat og blir truleg vårt sterkaste kort.

I klasse eldre rekrutt er det fleire gode kandidatar. Sivert Sve, Stranda Skyttarlag, NM-vinnar frå 2012 og i sommer vinnar i si klasse i noregscupen, er vel normalt den sterkaste favoritten til å kapre nytt NM-gull.

– Men også midtnorsk meister i felt, Karina Stette frå Engesetdal og Skodje Skyttarlag, saman med lagkameratane Sindre Sjåstad Henriksen og Joakim Aulstad er sterke medaljekandidatar. Det same er dei fire rekruttskyttarane Mads Vangen frå Stranda og trioen Andreas Oldeide, Håvard Tynes og Bjørnar Rassmussen Aurdal, alle frå Sykkylven Skytterlag, oppsummerer formannen i Sunnmør Skyttarsamlag, Frank Sve.

Olaug Marie Baade Aamlid frå Ørskog er ein sterk juniorskyttar.
Karina Stette frå Engesetdal og Skodje er ein sterk rekruttskyttar.