Men før Brattvåg kan sette i gong med dei ambisiøse planane sine, må plassen i 2. divisjon sikrast. Brattvåg ligg på den siste sikre plassen på betre målskilnad enn Brumunddal fire serierundar før slutt.

– Vi jobbar med å få på plass ein struktur i klubben fram til 2018. Ein del av den jobben er å sjå på kontraktar, for vi trur vi greier oss i divisjonen. Om vi klarer det, så kjem vi til å prøve å få alle spelarane over på proffkontrakt, seier sportsleg leiar Ole Petter Aarsund.

Halvparten har no

Høge ambisjonar Sportsleg leiar Ole Petter Aarsund i Brattvåg. Foto: Rolf Hansen

Om lag halvparten av spelarane i dagens stall har proffkontrakt.

– Til neste sesong ser vi på moglegheit for å få trent eit par dagar på dagtid. Vi ser også på korleis vi kan styrke administrasjonen, seier Aarsund.

Han seier det å trene på dagtid gjer at dei frigjer banekapasitet til resten av laga i klubben på kveldstid.

Frikveldar

– Slik det er no er dei meste av kveldane brukt til trening for spelarane. For mange med reiseveg tek ei trening då om lag fire timar. Det vil bli mindre belastande å trene på dagtid, slik ein kan få to frikveldar i veka. Vi ser at ein del spelarar har gått litt tom etter nokre år, og då håper vi ei slik løysing kan rette på det.

Klubben har vore i kontakt med fleire av spelarane om dei kan bli kjøpt fri på dagtid. Det er liten tvil om at dette er noko som kan koste klubben ein del.

Må auke

– Vi må auke budsjettet med opp mot 25–30 prosent neste år. Skal du etablere deg på det nye nivået i 2. divisjon, så må du henge med budsjettmessig. Du må ha eit budsjett som ligg i løypa rundt det dei andre laga har, seier Aarsund.

Han samanliknar det med kva klubbane gjer i 1. divisjon.

– Skal ein vere i 1. divisjon bør ein ha 15 millionar i budsjett for å henge med. Du kan klare det med lågare, men då vert du ikkje verande lenge i divisjonen. Slik kan ein også sjå på det i 2. divisjon, du må ha eit bra budsjett.