Ørsta låg før kampen på nedrykksplass, og hadde dermed alt å spele for, mot tabelljumbo Stranda. Ørstingane tok kontroll i første omgang, og gjekk til pause med ei komfortabel 2-0- leiing. Så, sju minutt ut i andre omgang reduserte Stranda, og utlikna berre fem minutt etter. Dei kvitkledde slo tilbake mot laget frå Grandiosa-bygda og vann til slutt 3–2.

Godøy tapte. Men sjølv å avslutte sesongen med siger på flaumbelyst heimebane, var ikkje nok. For dei var også avhengige av at Hareid eller Norborg gav frå seg poeng. Ørsta låg nemleg eitt poeng bak dei to andre, med identisk målskilnad som Norborg, og ein god dose fleire baklengsmål enn Hareid. Om topplaget Godøy skulle slå Norborg, ville resten vere opp til Ørsta. Til forundring frå publikum og heimelag på Ørsta stadion, kom til slutt beskjeden om at Godøy hadde tapt 2–0.

Mange juniorar

– Eg sprang bort til trenaren for å få resultatet frå Godøya, men såg fort at han berre rista på hovudet

Det seier den vonbrotne Ørsta-kapteinen Vidar Liaskar.

Kapteinen seier at laget har 18 juniorspelarar i stallen, noko som trass alt lover godt for framtida.

Det høyrer med til historia at Ørsta har lagt inn søknad om å auke talet på lag i serien frå 12 til 14, og dette allereie komande sesong. Det vil i så fall bety at laget bergar plassen.

Øvrige kamper

De øvrige  kamper i siste serierunde:

LARS./GURSKEN – LANGEVÅG 0–6 (0-1)

Mål Langevåg: Sebastian Nordal 2, Vetle Fiskerstrand, Perry Waagan,, Isak Dybvik, Tor Junor Vedde.

KAMPEN: Langevåg levnet liten tvil om hvem som var best på River Plate i går kveld. Dermed innkasserte de gulkledde andreplassen i divisjonen, bak serievinner Skarbøvik IF, etter overbevisende spill i serieavslutninga.

EMBLEM – SYKKYLVEN 2–4 (0-3)

Mål Emblem: Scott Fellows, Jim Tore Humborstad.

Mål FK Sykkylven: Håkon Hansen 2, Damien Cruz, Jamal Ali. KAMPEN: Gjestene overrasket stort på Emblem stadion og koblet grepet etter en meget sterk 1. omgang der de puttet på tre mål uten at formsterke Emblem klarte å svare. Dermed kontrollerte Sykkylven greit etter pause.

GODØY – NORBORG 0–2 (0-0)

Mål Norborg: Pedro Silva 2.

KAMPEN: Norborg kunne slippe jubelen løs etter en imponerende seier mot Godøy i går kveld. Etter en jevn 1. omgang med få sjanser var Norborg best etter pause. De scoret på sjansene de fikk. Norborg ville mest i en svært viktig kamp for laget. Som også spiller i 4. divisjon i 2017-sesongen.

HAREID – SKODJE 2–0 (0-0)

Mål Hareid: Thor-Olav Brekke, Kim-Tore Husøy.

KAMPEN: Jevn 1. omgang, men Hareid dro det fortjent i land etter pause og sikret seg dermed fornyet kontrakt i 4. divisjon. Det ble feiret med fyrverkeri og champagne!

VALDER – SKARBØVIK 2–2 (1-0)

Mål Valder: Levi Blindheim, Erik Haglind.

Mål SIF: Nils Ottar Sandø 2.

KAMPEN: Valder var allerede klare for nedrykk før kampstart, men avsluttet på en bra måte da sikret seg ett poeng mot serievinner Skarbøvik som slet med motivasjonen på Valdervoll. Valder var nærmest seieren, men den notoriske målscoreren Nils Ottar Sandø fornektet seg ikke og sikret uavgjort på overtid for seriemestrene.