– Det er greitt å tape kampar om spelarane gir absolutt alt, når blodet ligg igjen på bana og shortsen har rivna. Men om ein skal jåle rundt på bana i 90 minutt, ikkje treng å dusje etterpå og har tapt kampar, då ...

– Vi må få tilbake Hødd-ånda med ærlege og hardtarbeidande typar, det må skinne igjen i laget. Det handlar om å vinne kampar og hardt arbeid, og det bør også den nye trenaren reflektere.

Torsdag førre veke blei Haanes vald som ny styreleiar i Hødd Fotball. No startar jobben med å byggje Hødd opp igjen etter nedrykket til 2. divisjon.

Les også: Bård Dalen takka av i Hødd Fotball etter ti år som styreleiar

– Frynsete i kantane

– Eg er sikkert litt frynsete i kantane som type, men eg er ein utolmodig type som har lyst til at ting skal skje. Eg vil vere med på å røre litt rundt og skape diskusjonar, seier styreleiaren til Sunnmørsposten.

På årsmøtet blei det stilt spørsmål frå salen om kor opne Hødd er som klubb. Det er eit spørsmål som også opptek Haanes.

– Eg trur klubben opplever at dei er opne, og det trur eg også at dei er. Samstundes er det eit så sterkt engasjement der, at av og til trekker sentrale personar seg i klubben litt tilbake. Det kan bli mange som meiner mykje. Det er krevjande å ta i mot heile tida. Det er eit potensial der til å bli endå opnare, seier han.

Tøffare 2. divisjon

Haanes har ikkje problem med å forstå at omgivnadane framleis er skuffa over nedrykket.

– Det å rykkje ned er noko folk nesten tek personleg. Då er det mykje rart som blir sagt, men det er fordi folk bryr seg. Folk forventar at vi skal rykkje rett opp igjen, men det er tøffare å gjere det no som 2. divisjon blir ein tøffare divisjon.

– Det er ikkje noko vi må, men vi skal opp igjen. Eg trur på at vi må skunde oss, men ikkje raskare enn det vi har økonomi og gode planar til. Det er ikkje noko poeng i å rykkje opp utan ein einaste lokal spelar.

Vil ha fleire lokale spelarar

Haanes meiner Hødd må få meir ut av sine eigne unggutar, spesielt dei som kjem frå Ulsteinvik. Han trekk fram Jan-Lennart Urke som ein slik spelar.

vil ha fleire: Jan-Lennart Urke er den einaste frå Ulsteinvik som har etablert seg i førsteellevaren i år. Styreleiar Håvard Haanes håper fleire lokale spelarar kjem opp i systemet.

– Vi må klare å vidareutvikle meir av det grunnfjellet vi jobbar med kvar dag. Hødd har slite i 20–25 år med at dei nesten ikkje har fått opp spelarar frå Ulsteinvik som har etablert seg på laget. Det må vi gjere noko med.

Han likte heller ikkje at laget i store deler av sesongen starta med få spelarar frå Sunnmøre. Styreleiaren meiner Hødd mista seg sjølv i ein periode.

Ny trenar

Det nye styret og resten av klubben legg no planen for korleis 2017-sesongen skal bli ein opptur.

– Det viktigaste no er det som skjer på A-laget, der vi har ein prosess med ein ny trenar. Det er uheldig at vi set saman ein spelarstall før trenaren er på plass, så vi ønskjer å gjere det saman med han, seier Haanes.

– Ligg ein på etterskot og har dårleg tid?

– Eg synast eigentleg ikkje det. Sjølvsagt må ein del ting snart på plass, men klubben har jobba godt i heile november. Om ein byrjar å stresse, så er det lett å gjere dårlege avgjersler, seier Haanes, som går inn i arbeidet som styreleiar med ein stor porsjon entusiasme.