Dei to siste er Steffen Moltu og Bendik Torset, som lik fleire andre ikkje hadde kontrakt for dette året. Men det har dei no.

«Joa» på vent

– Vi er glade for å få med Steffen og Bendik vidare. Dei har begge skrive under eittårskontrakt, fortel sportssjef André Nevstad.

Før jul skreiv også Jesper Törnqvist, Magnus Myklebust og Vegard Heltne under av gamlekarane, så no er det berre spissen Joachim Magnussen som er på vent.

– Vi har ein god dialog med «Joa», men førebels er ingenting avklart. Men vi håper vi kjem til einigheit, seier Nevstad.

Onsdag starta Hødd med treninga etter juleferien, og både Didrik Sereba, Robin Shroot og Fredrik Sjølstad er førebels med. Men Shroot er usikker, han ynskjer å spele på eit høgare nivå, og Viking skal vere interessert.

Slutt for Vestvatn?

Øystein Vestvatn er no i bryllup i Brasil, og Sunnmørsposten har grunn til å tru at han ikkje kjem til å spele for Hødd i år. Truleg vert partane einige om å terminere kontrakten.

- Vi har framleis ledige plassar i stallen, som ikkje kjem til å bli på fleire enn litt under 20 spelarar i år. Vi ynskjer å ha opp fleire yngre som hospitantar, legg André Nevstad til.

Trenar Sindre Eid og Bendik Torset er begge nøgd med at Bendik blir med vidare i Hødd.