Frå Hødd sin twitter-konto kunne ein følgje kampen jamt og trutt. Sogndal scora første mål og hald seg i leiinga til pause, men Hødd kom seg utover kampen og Sogndal-keeperen måtte redde fleire ballar frå Hødd-spelarane, kunne Hødd melde på Twitter.

I 60. minutt banka Sereba eit frispark rett i mål, og dermed stod stillinga 1–1 på Fosshaugane. Hødd følgde på med ein scoring til, som vart annullert grunna offside.

Det siste målet på Fosshaugane i Sogndal kom heilt på tampen. I 88. minutt la Torset inn til Kastrati, som gav Hødd leiinga og siger mot eliteserielaget.

Dette er dermed den andre 2-1-sigaren til Hødd på tre dagar. Sist møtte dei Træff på heimebane.