Byåsen låg på nedrykksplass før kampstart. Men slik såg det ikkje ut på Høddvoll i dag, spesielt ikkje før pause. Byåsen såg nesten ut som Brasil på sitt beste, der dei leika seg med heimelaget. Men så var jo også Hødd svært gåvmilde bakover – ikkje minst det første kvarteret. Sjølv i tredje- og fjerdedivisjon er det sjeldan ein ser forsvarsspel av det slaget Hødd varta opp med då. Før 0-1 etter sju minutt mista først Henrik Breimyr ballen på klumsete vis langt inne på eigen halvdel, før Martin Risan enkelt spaserte seg forbi det passive Hødd-forsvaret og fekk score åleine med Hødd-keeper Ole Monrad Alme. Før 0-2 etter 14 minutt var Hødd rett og slett ikkje i nærheita av å kome tett nok opp i dei kjappe og effektive Byåsen-angiparane, som spelte ballen kjapt mellom seg langs bakken. Og med 0-2 så tidleg kunne sjølvsagt Byåsen legge seg bakpå. Hødd heva seg utover i første omgang, men då utan å skape særleg.

Beite laga liv

Som så mange gonger tidlegare i år var det meir action etter at den kjappe og tekniske vingen Sondre Beite kom på bana. Då var først då, med 25 minutt igjen å spele, at Hødd verkeleg tok tak og begynte å skape sjansar. I det 68. minutt var Beite nær ved å score sjølv med hovudet. Fire minutt seinare stod han for forarbeidet då Eirik Haugan heada i tverrleggjaren. I det 84. minutt kom endeleg reduseringa. Sondre Beite scora sikkert då han frå høgre la ballen nede i det venstre hjørnet. Midtstoppar og kaptein Steffen Moltu vart flytta fram som spiss på slutten. Endeleg hadde Hødd nokon som kunne vinn i lufta offensivt. Og då begynte Byåsen-forsvarsspelarane å skjelve i buksene. Didrik Sereba brente to sjansar, og Hødd var også farlege på ein del dødballar. Men som så ofte før i slike situasjonar: Hødd flytta opp alle mann i overtida, inkludert keeper Alme, og Byåsens Sindre Sakshaug kunne setje ballen i eit ope mål etter eit skot frå midtbana.

- Ingen krisekamp elles

Det var uansett ikkje på tampen Hødd tapte kampen. Det var den dårlege starten som øydela.

- Vi var «på» heilt i starten av kampen. Men det gjekk ikkje lange tida før vi sovna vekk. Klart Henrik var uheldig på eine målet der. Men vi var rett og slett ikkje konsentrerte nok. Vi var ikkje i forkant og vi klarte ikkje å følgje løpa deira. Det er ekstremt kjedeleg at vi fekk ei slik opning. For elles spelte vi ingen krisekamp. Vi dominerte jo stort i andre omgang, seier Steffen Moltu etter kampslutt.

- For flott og fint

Det store spørsmålet er kvifor Hødd ikkje var «på» frå start av.

- Eg trur det er fleire ting som spelar inn. Vi vil jo så gjerne. Men vi gjorde det for vanskeleg for oss sjølve. Ting skulle vere så flott og fint. Nei, vi burde ha vore meir kyniske. Første 20 minutta var rett og slett berre dårlege. Resten av kampen er vi ganske gode, sjølv om vi manglar litt presisjon på siste tredelen. No får vi berre tenke neste kamp. Det er det einaste som nyttar, seier keeper Ole Monrad Alme.

- I dag sit eg igjen med veldig mange spørsmål og få svar. Eg har i alle fall ikkje svara no. Vi har hatt ei god treningsveke der vi har førebudd oss godt. Vi skulle gå høgt ut og vere aggressive. I staden var det Byåsen som spelte slik. Og på 0-2 er det sjølvsagt vanskeleg. Vi kunne sjølvsagt tatt poeng likevel. Gutane skal ha skryt for å aldri gi opp. Men svingingane her er for store, seier trenar Sindre Eid.

Som avviser at ein del forandringar i lagoppstillinga kan ha godt utover relasjonane i laget, spesielt i forsvar.

- Alle i a-stallen er gode nok til å spele her. Så at det var for mykje nytt er inga unnskyldning, meiner Eid.

Haugan fekk sjansen

Noko av det nye til denne kampen var at 19-årige Eirik Haugan, med fortid i Molde og Marseille, fekk sjansen frå start i midtforsvaret. Jesper Törnqvist, til vanleg kaptein for laget, måtte starte på benken. Haugan viste i periodar at han kunne vere ein god og spelande stoppar. Men i likskap med resten av Hødd-laget var han ikkje heldig i første del av første omgang.

- Dette var ein langt under pari kamp av oss. Og eg spelte også dårleg sjølv, spesielt i første omgang. Vi var naive frå start av og spelte «andrelagsfotball». Vi var ikkje kyniske nok. Utover i kampen blir vi betre, men det er uansett ikkje godt nok, seier Haugan sjølv.

Han håper å starte også neste kamp, men er klar på at han ikkje leverte nokon god søknad i dag.

Kampfakta2.-divisjon menn avd. 2Hødd – Byåsen 1-3 (0-2)HøddvollTilskodarar: 1192 selde sesongkort og billettarMål: 0-1 Risan (7), 0-2 Nossum (14), 1-2 Beite (84), 1-3 Sakshaug (90)Dommar: Adrian Bjørkhaug Gjendemsjø, Tertnes - 6Gult kort: H. Breimyr (Hødd)Hødd (4-5-1/4-3-3): Ole Monrad Alme – Bendik Torset (Preben Sætre 20), Steffen Moltu (K), Eirik Haugan, Vegard Heltne – Magnus Myklebust (Sondre Beite 65), Torbjørn Kallevåg, Henrik Breimyr, Bendik Rise, Didrik Sereba – Badr Rahhaoui (Andreas Breimyr 46).

Ole Monrad Alme spelte sin første kamp frå start i år. Han kunne lite gjere med dei to første Byåsen-måla. Her saman med ein av keepertrenarane til Hødd; Ronny Osnes. Foto: Svein Olav Humberset
Sindre Eid var etter kampen ikkje sikker på kvifor Hødd opna kampen så dårleg. Han følte laget var godt førebudde. Foto: Svein Olav Humberset
Sondre Beite, som har slite med sjukdom den siste tida, kom innpå siste 25 minutta og stod for Hødd si redusering. Hødd-trenarane kan neppe oversjå Beite når dei skal ta ut laget til neste kamp. Foto: Svein Olav Humberset
Eirik Haugan var nær scoring på hovudet, men i likskap med resten av Hødd-laget spelte han ujamt. Haugan sjølv meinte han leverte ein dårleg søknad med tanke på å få starte neste kamp. Samtidig kan neppe trenar Sindre Eid vrake alle som spelte dårleg i dag til neste kamp. Foto: Svein Olav Humberset