Men 19-åringen Bendik Rise lovar at jumbo Hønefoss skal få svi for Byåsen-tapet.

– Det trur eg. Og vi har som vårt klare mål å vinne dei tre siste kampane før ferien. Vi møter fyrst Hønefoss borte, så Egersund og Vard, begge på Høddvoll. Det skal gje mange poeng, håper Bendik.

Som har vore den største positive ovarrskinga i Hødd denne våren.

– I fjor fekk eg to innhopp totalt, utan at det gjekk særs bra. Etter nedrykket mista vi ein del spelarar, og dette har gjort at vegen fram til ein startplass vart litt enklare for meg. Og eg synest eg har teke nivået i 2. divisjon godt.

To seriemål har han også scora, i tillegg til målet mot Molde i cupen.

Bendik har vorte nytta både på høgrekanten og som indreløpar.

Sentral midtbane

– Eg spelar der Sindre Eid vil ha meg, men ingen tvil om at eg ser på meg sjølv som ein sentral midtbanespelar. Men som 19-åring får eg ikkje vere for kravstor, smiler han.

Hødd har heile 10 poeng opp til leiarlaget Bryne, og mange andre lag ligg også mellom Bryne og Hødd. Så opprykk i år ser vanskeleg ut.

Ole Monrad Alme held fram i mål, sidan Jan Lennart Urke framleis har karantene. Bendik Torset slit med ei skade og er usikker, men elles stiller Hødd med det dei har.

Hønefoss slit tungt

Motstandar er altså Hønefoss, som spelte i eliteserien for få år sidan. No står klubben frå Ringerike i fare for å hamne i 3. divisjon. Økonomien er svak, og spelarstallen har vorte bytta ut nærast frå år til år.

Her kan du sjå Hødd-kampen direkte

Ein av dei som vart henta i vinter var ålesundaren Kenneth Diallo. Men han har ikkje spelt eit minutt i serien til no. Årsaka? Ei overbelastning i kneet, såkalla Jumper´s knee.

– Men no er eg i klar betring, og trur eg er med i troppen mot Hødd. Eg spelte nesten heile kampen for vårt toarlag mot lokalrivalen Jevnaker, og scora og hadde målgjevande. Det hadde vore moro å få debuten mot Hødd, seier Diallo.