– Det var ufortent at vi tapte. Vi skapte 12 store sjansar, noko som er ekstremt bra. Hønefoss hadde jo også sine sjansar, mellom anna ei brent straffe. Men vi spelte bra, skapte mykje og karane stod bra på. Vi fortente å vinne. I staden tapte vi 1-0, så det hjelper oss lite. Og å tape denne kampen er ikkje godt nok, seier Hødd-trenar Sindre Eid.

Mange endringar

Han valde ein alternativ taktikk til denne kampen: Tre stopparar, fem i midtbaneleddet og to på topp. Både Andreas Breimyr og Eirik Saunes starta sine første seriekampar for året, medan Amani Mbudele var tilbake i startoppstillinga etter å ha slite benken ei tid. Han fekk tillit på topp saman med Bendik Rise, som tidlegare i år har spelt kant eller indreløpar. Pluss på at også Jesper Törnqvist og Preben Sætre var tilbake i startoppstillinga, så blir det mykje nytt på ein gong.

– Eg er godt nøgd med endringane vi gjorde. Vi skulle vinne midtbana og ha to spissar som jobbar i lag på topp. Vi lykkast med å skape mykje. Og Hønefoss slo jo berre langt, seier Sindre Eid.

Kallevåg ute lenge

Trenaren innrømmer at Hødd har eit problem med effektiviteten i år. Laget treng mange sjansar for å få hol på byllen. Og om ikkje Hødd hadde store nok problem frå før, blir det neppe betre av at Torbjørn Kallevåg er ute ei tid framover. Midtbanespelaren er lagets toppscorar med sju mål.

– Torbjørn har fått ein skade i kneet. Vi får vente og sjå kor lenge han blir ute. Men det tek fort fire til seks veker, forklarer Sindre Eid.

PS. Ålesundaren Kenneth Diallo fekk eit drygt kvarter for Hønefoss.