– Eg kan ikkje seie så mykje om dette. Før helga hadde eg eit møte med Sindre (Eid). Og så er det éin klubb som har vist spesiell interesse for meg. Eg håper og trur det kan skje noko ganske fort. Men eg veit i grunnen frykteleg lite, seier Sondre Beite.

Fekk få sjansar

For éin månad sidan sa 21-åringen til Sunnmørsposten at han var skuffa over lite speletid for Hødd i 2.-divisjon denne våren. Beite stod med tre seriemål utan å ha starta éin einaste kamp. Etter intervjuet med Beite starta han rett nok dei to siste vårkampane. Likevel tyder det meste no på at den tekniske og kjappe vingen frå Skodje er på veg vekk. Spekulasjonane om avgangen starta for alvor då Beite berre fekk nokre minutt som innbytar i treningskampen mot AaFK søndag. Men då hadde altså Beite ikkje lenge før vore i møte med Sindre Eid.

– Dette kan eg ikkje kommentere, seier Hødd-trenaren om kor vidt Beite kan forsvinne frå klubben i løpet av veka.

Ønsker angripar

Sondre Beite vi altså ikkje sjølv melde kva klubb han er aktuell for. Men Sunnmørsposten kjenner til at Brattvåg kan vere interesserte. Per no ligg Brattvåg éin divisjon under Hødd. Men gultrøyene leiar si 3.-divisjonsavdeling og kan bli kollega med Hødd neste år.

– Eg kan ikkje kommentere kor vidt vi ønskjer å hente Sondre Beite, seier Per Gidlund til Sunnmørsposten.

Brattvåg-sportssjefen kan derimot bekrefte at han er på jakt etter nye offensive spelarar.

– Vi har tre-fire namn vi jobbar med akkurat no. Og det er spelarar framover i bana vi først og fremst jaktar no. Tidlegare i sommar henta vi to spelarar; éin forsvarar og ein midtbanespelar, forklarer Per Gidlund, og siktar til Kristian Strande og Ola Husby.

PS. Om Sondre Beite går til Brattvåg kan det opne for at Robin Hjelmeseth går til Hødd denne sommaren. Før helga sa Sindre Eid til Sunnmørsposten at Hødd ønskjer å hente heim igjen Hjelmeseth frå Elverum, men dei veit ikkje enno om dei kan gjere det no eller til vinteren. Ein av grunnane er at Hødd har mange angriparar i stallen no. Dei vart endå fleire då Robin Shroot vende tilbake frå eit låneopphald i Viking førre veke.