Hødd leia 2–0 borte mot serieleiaren – men heilt på slutten glapp sigeren:

Då 66 minutt var passert verka Hødd å ha god kontroll på stillinga 0–2 borte mot serieleiaren.

Men så smalt det. Ståle Sæthre reduserte til 1–2 og Nest Sotra fekk verkeleg blod på tann dei siste 23 minutta.

Glapp

– Akkurat no følast det sjølvsagt blytungt ut. Vi leiar både 1-0 og 2–0 og har moglegheit til å auke til 3–0. Då er det sjølvsagt surt å rote vekk sigeren, seier Hødd-trenar Sindre Eid.

Før oppgjeret stod Nest Sotra med sju sigrar og tre uavgjorte kampar på heimebane. Laget er avdelingas klare serieleiar.

– Akkurat no er frustrasjonen over at det glipp på slutten større enn gleda over at vi leverer ein sterk prestasjon. Men eg vil nok tru at vi klarer å sjå meir bak resultatet etter kvart, seier Sindre Eid.

Fekk kontroll

Nest Sotra opna best på Ågotnes, men Hødd fekk etter kvart langt betre kontroll på oppgjeret.

Etter 22 minutt kom også leiarmålet då Robin Hjelmeseth ekspederte eit frispark frå Torbjørn Kallevåg i mål.

Nest Sotra styrte som venta oppgjeret etter dette, men Hødd forsvarte seg godt inn mot pause.

I andreomgang bølga spelet langt meir fram og tilbake enn i førsteomgang. Etter ein times tid fyrte Bendik Torset av garde. Ballen gjekk via ein Nest-forsvarar og i mål til 2-0-leeiing før Hødd.

Hødd verka å ha brukbar kontroll. Men mot slutten glapp altså sigeren.

– Vi gjer ein veldig god prestasjon lenge. Vi skal vere godt fornøgde med det sjølv om vi ikkje heilt klarer å dra det i land, seier Sindre Eid.

– Kva går gale mot slutten?

–Etter reduseringa får dei eit bra trykk på oss. Vi er ikkje organiserte nok og mistar litt strukturen i laget. Vi klarer ikkje heilt å roe ned, seier Sindre Eid som føler Hødd hadde fortent sigeren.

– Ut ifrå spel og sjansar burde vi ha vunne denne kampen, seier han.

Sjølv om sigeren glapp, er det liten tvil om at oppgjeret var eit nytt steg i riktig retning for eit Hødd-lag som har slite i år.

– Vi har levert fire gode kampar på rad no, blant anna i to tøffe bortekampar. Det må vi ta med oss. Vi er framleis eit lag i utvikling. Ikkje alt sit like godt enno, men vi er i klar framgang, seier Sindre Eid.

Etter 20 serierundar ligg Hødd på 8.-plass på tabellen.