– Eigentleg hadde vi stålkontroll bakover i dag. Notodden skapte to sjansar og scora på begge. Eg er i grunnen godt nøgd med prestasjonen vår i dag. Vi køyrer over eit lag som har vunne 10 av sine 11 siste kampar. Men vi klarte ikkje å avgjere i dag.

Slik oppsummerte Hødd-trenar Sindre Eid 2-2-kampen mot Notodden. Og ja, det var Hødd som var nærast sigeren i dag. Men det såg lenge ut som bortelaget frå Notodden kunne ha reist heim med full pott.

Etter ei nokså tam opning kom Hødd til ein dobbelsjanse i det 11. minutt, men verken Bendik Torset eller Robin Shroot klarte å score frå kort hald inne i boksen. Notodden gjekk rett i angrep og tok leiinga då Erlend Hustad scora frå kort hald.

Passe nøgd trenar Sindre Eid er nøgd med at Hødd har heva seg etter sommarpausen. Dei står med fem kampar utan tap, og det er i utgangspunktet ikkje verst å ta eitt poeng mot Nardo (borte), Nest-Sotra (borte) og formsterke Notodden (heime). Men i dag hadde Hødd fortent tre poeng ut frå spel og sjansar. Foto: Svein Olav Humberset.

Hødd styrte kampen

Det var Hødd som styrte det meste spelemessig før pause. Notodden låg lågt i bana og nekta Hødd store rom å spele i. Men nokre gonger makta Hødd å spele seg til kvalifiserte sjansar. Robin Shroot hadde ei fin moglegheit som vart blokkert i det 17. minutt. Og då vel halvtimen var spelt var briten ei svak heading unna å utlikne.

Rett før pause kunne det blitt mål begge vegar. Først vart Erlend Hustad etter kanskje snytt for ei ny scoring då han feilaktig vart vinka av for offside. Avslutninga gjekk hardt opp i nettaket og hadde i tilfelle gjort at Hødd fekk eit svært dårleg utgangspunkt før pause. I staden kunne Robin Hjelmeseth ha utlikna for Hødd i sluttsekunda. Avslutninga frå kort hald var ikkje god nok.

Gammal kjenning dobla

Hødd fekk ein verst mogleg start på andre omgang. Etter ein serie med sløvt forsvarsspel fekk Erik Midtgarden avslutte umarkert frå 16 meter. Dette skotet vart blokkert. Men returen vart sett i mål på noko heldigvis av Amani Mbedule - angriparen som spelte for Hødd på lån frå Sarpsborg 08, men deretter vart lånt ut vidare til Notodden.

Heldigvis reduserte Hødd berre minuttet etterpå. Eit frispark frå 25 meter skrått vart sett direkte i mål av Bendik Rise. Det var 19-åringens sjette seriemål i år.

Sjokkopning Andre omgang hadde så vidt starta då Notodden dobla til 2-0 ved den tidlegare Hødd-spelaren Amani Mbedule. Heldigvis reduserte Hødd ved Bendik Rise allereie minuttet seinare. Foto: Svein Olav Humberset.

Shroot utlikna

I det 62. minutt hadde Hødd utlikna Notodden si leiing. Bendik Rise spelte fint til Didrik Sereba, som la inn framfor mål langs bakken. Robin Hjelmseth rakk akkurat ikkje fram i tide då han prøvde å slenge fram ein fot. Men på bakarste stong venta Robin Shroot, som scora enkelt frå ein halv meters hald. Det var Shroots femte scoring etter returen frå Viking i sommar.

Utover i andre omgang handla det aller meste om Hødd. Det kunne nesten sjå ut som Notodden såg seg nøgde med eitt poeng, eventuelt var dei berre slitne. I alle tilfelle ofra Notodden lite framover. Det var Hødd som spelte fotball og kom til sjansar. Men verken Torbjørn Kallevåg (67 min.), Robin Shroot (76) eller Magnus Myklebust (82) lukkast med sine forsøk. Dermed enda ein etter kvart underhaldande 2.-divisjonskamp på Høddvoll 2-2.

– Du kan seie at det er ein sterk kamp av oss. Og det er sterkt å kome tilbake. Samtidig er det svakt å ikkje vinne denne. Vi styrte det aller meste heile kampen og fekk berre to sjansar imot oss. Dessverre scora Notodden på begge. Offensivt ser det veldig bra ut med oss. Notodden henger jo i taumane. Men den avgjerande scoringa kom aldri, oppsummerer Hødd-kaptein Steffen Moltu.