Harald Åsland Riise blir mannen som skal erstatte Arild Sundgot som Sindre Eid sin assistenttrenar i Hødd.

Samtidig har også Hødd tilsett spanske Rafael «Rafa» Roldan Bermudez som ny fysisk trenar i klubben. Han kjem frå ei liknande rolle i Bergsøy, og er tilsett i ei 60 prosent stilling.

Rafa Rafael «Rafa» Roldan Bermudez er henta frå Bergsøy til Hødd som ny fysisk trenar i ei toårskontrakt. Foto: Hødd Fotball

– Vi har sakna ein slik type sidan Manuel Torres slutta hos oss for å freiste lukka i Brann, og vi trur «Rafa» er rett mann for oss. Og vi set pris på den gode dialogen vi har hatt med Bergsøy i denne saka, seier André Nevstad.

Fargerik

Når det gjeld Harald Åsland Riise så er det ikkje mange Hødd-sjeler som ikkje veit kven denne fargerike fotballmannen er. Og han er innstilt på å gjere manns jobb i arbeidet med å få Hødd opp att i 1. divisjon.

– Dette kom brått på, men etter eit særs kort møte med kona bestemte eg meg for å seie ja. Eg har vel endå ikkje sagt nei til ein jobb i Hødd når eg har vore spurt, og eg gler meg veldig til å sette i gang, seier Harald. Som kjem frå Hareid, og han spelte mange år for Hareid IL før han kom over i Hødd.

Og der har han vore sidan. I mange år som spelar, så var han A-lagstrenar i tre år tidleg på totusen-talet, han har vore tilsett som økonomiansvarleg i Hødd Fotball i ein del år, og no er han også inne i styret i Hødd Fotball.

– Hvis denne trenarjobben vert lengre enn dette eine året, så må eg vel ut av styret, men det tek vi når den tid kjem. Seier 51-åringen, med 23 år bak seg i Hødd.

Skal ha det kjekt i lag

– Kva kan du bidra med?

– Eg gjer det Sindre vil eg skal gjere. Eg er oppteken av at vi skal ha det kjekt i lag, men samstundes må vi også stille krav til spelarane. Eg trur vi har eit lag som er godt nok til å kjempe om opprykk, for det er slett ikkje meininga at Hødd skal bli verande i 2. divisjon særleg lenge! Og så gler det meg at vi har så mange gode unggutar som kjem opp, desse må vi verkeleg ta vare på.

Kontrakt på eitt år

Åsland Riise har skrive under for eitt år som assistent, og han skal halde fram i tilnærma full stilling i arbeidet som økonomiansvarleg i RørserviceUri samstundes.

– Når arbeidsgjevaren min sa at det var greit at eg også skulle bidra i Hødd, så var alt på plass. Dette skal bli kjekt. Det er alltid artig å kome opp på Høddvoll, her er det mange gode folk og vener å treffe. Og eg skal gjere det eg kan for at Hødd skal kome attende til norsk toppfotball, lover han.